Innlegg

Linn Theres Reksten Nekkøy i spissen for Havbruksprosjektet!

Linn er nytilsett i Aksello som prosjektleiar. Ho kjem frå øya Nekkøy utanfor Florø, men har dei siste fire åra budd i Bergen og studert ved universitetet. Derifrå har ho blant anna med seg ein Bachelor i Pedagogikk og ein i Administrasjon og organisasjonsvitskap. Gjennom studiemiljøet i Bergen vart ho introdusert for Youngfish som ho synes er en spennande organisasjon som har gitt mykje fagleg påfyll om havbruksnæringa. Samstundes har ho mønstra av og på det lokale kystnot fartøyet M/S Bluefin som fiskar. Gjennom dette arbeidet har ho danna seg fleire erfaringar innan fiskerinæringa. Ho har blant anna vore med på å tilrettelegge for makrellstørjeprosjektet for fartøyet i 2017. Gjennom dette arbeidet fekk ho blant anna være med den norske delegasjonen på ICCAT møte i Marokko. Elles har ho og bakgrunn frå jobb og studiar i New York.

«Etter å ha budd vekke så ser eg at det har våre ei spennande utvikling innan dei ulike næringane her heime, og eg synes det er kjekt å flytte heim i ei slik tid.» No har ho tatt med seg fosterkatten, Tuva og flytta i Norddalsfjorden med sambuaren, som er derfrå.

Linn brenn oppriktig for dei ulike næringane som tar i bruk havet. «Det blir vel kanskje slik når man er oppvaksen i fjæra» seier Linn med eit smil. Ho gler seg til å få leie prosjektet på vegne av næringa. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike aktørar i havbruksnæringa for auka verdiskaping og sysselsetting i regionen.

Det kjem til å bli veldig spennande og eg gler meg til å lære mykje nytt! Eg har hamna midt i ei klynge med utruleg dyktige menneskjer, både i Aksello-teamet og i prosjektgruppa. Eg trur at prosjektet har eit enormt potensial og eg trur at min kombinasjon av praktisk erfaring, teori og interesse kan komme til nytte for prosjektet. Florø og regionen sit med høgt kompetente menneskjer og bedrifter, og eg gler meg til å snakke fram næringa, seier Linn.

Dagleg leiar i Aksello, Lone Bareksten, seier at det har teke tid å finne den rette kandidaten, men når Linn no er på plass ser ho at dei har funne ei med fisk i blodet. «Eg er overtydd om at Linn er den rette personen til å leie Havbruksprosjektet!»

 

Havbruk er ei næring som har utvikla seg over tid og har blitt ei av dei viktigaste næringane for landet og vår region. Det finnes mange kompetente aktørar, likevel ser vi eit behov for meir samarbeid og synergiar mellom dei ulike aktørane i næringa, utdanning og forvaltning. 

Etter ei tid med planlegging er Havbruksprosjektet no etablert. Linn Nekkøy er tilsett som prosjektleiarar, og ei prosjektgruppe er etablert. Den består av:

  • Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk.
  • Halvar Hovland, Havlandet Marin Yngel.
  • Tor-Erik Røynesdal, Cargill/Ewos.
  • Frode Hovland, Sogn og Fjordane fylkeskommune.
  • Solveg Willis, Pixelwerk.
  • Ingrid Kassen, Norwell.
  • Øyvind Østrem, Høgskulen på Vestlandet.
  • Arne Olsen, Aksello.

Havbruksprosjektet er støtta økonomisk av Flora kommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. No er forprosjektet i gang. Prosjektet si langsiktige målsetting vil være å auke verdiskaping og sysselsetting innan havbruksektoren i regionen. Næringa gjer i dag mykje bra, men man kan blir betre på å skape tydlege synergiar og gjere næringsklynga i regionen kjend. Samstundes kan ein utvikle seg på områder som: 

  • Rekruttering av kompetanse og personell
  • Vidareforedling
  • Innovasjon, forsking og utvikling
  • Logistikkløysingar
  • Nye artar innan akvakultur
  • Nye råvare-kjelder
  • Nye/betre utdanningar og studiar, og fleire studentar
  • Globalisering
  • Kanskje blir det samlokalisering av mange i eit «Laksens hus»? 
  • og meir?

Framover blir det eit fokus på å velge kva for satsingsområde som næringa ønskjer å fokusere på.

Kinn kommune var tema for Frukostsamlinga 5. april og Rolf Bjarne Sund frå Kinn kommune og Øyvind Reed frå Måløy Vekst trakk fram engasjement frå næringslivet som ein viktig nøkkel for å skape ein sterk kystkommune.

Men før innlegga kunne begynne hadde Sparebanken Sogn og Fjordane med ei overrasking til Aksello, ei gåve på kr. 150 000 kr.

Gjennom frukostmøte har de skapt ein viktig møteplass for næringslivet der dei kan komme å bli kjent med kvarandre, finne nye kundar og leverandørar og få inspirasjon. Vi ynskjer å heie dykk fram i det gode arbeidet som de gjer slik at de kan fortsette med det som de er flinke på og få sterkare musklar til å jobbe nord-, sør- og innover, sa Jan Nordem Knudsen, som overrekte gåva på vegne av banken.

Dagleg leiar Lone Bareksten takka så mykje for gåva som Aksello set umåteleg stor pris på. Vi er i vårt 5 år med frukostmøter og vil halde fram med det månadlege morgonritualet vårt som vi ser har blitt ein viktig møteplass for eit nyskapande næringsliv.  

–  No håpar eg det vert høgare smørbrød på neste frukostmøte, spøkte Rolf Bjarne Sund som heldt frukostmøtet sitt første innlegg.

frukostsamling aksello

Kinn kommune v/ prosjektmedarbeidar Rolf Bjarne Sund

Sund var den første tilsette i Kinn kommune og kunne fortelje at å jobbe med kommunesamanslåinga er den mest morosame jobben han har hatt så langt i si karriere.

– Det er ein artig, krevjande og kompleks prosess, men her er mange moglegheiter for samfunns- og næringsutvikling i Kinn kommune, påpeika han.

Sund presenterte korleis dei no arbeider med organiseringa av den nye kystkommunen med fellesnemnd, rådmann Terje Heggheim og ulike utval som skal føre kommunen på rett kurs fram mot kommunesamanslåinga 01.01.2020. Han la vekt på at Kinn kommune ynskjer å vere ein aktiv utviklingsaktør og oppfordra næringslivet til å ta kontakt.

Om vi skal leggje til rette for næringsutvikling, så treng vi innspel frå dykk. Sit ikkje i ro, men ver med og delta. Vi ynskjer at de tek kontakt med oss og er med å påverke det som skal skje framover, oppfordra han.

Blant utvala dei har oppretta har eitt av dei ansvar for “Næringsutvikling, næringsselskap, hamn, KF og eigarskap”. Øyvind Reed som er styreleiar i Måløy Vekst sit i dette utvalet og var med på samlinga for å fortelje om korleis det nye næringsselskapet i Måløy vil jobbe med utvikling og vekst i framtida sin kystkommune.

Frukostsamling Aksello
Rolf Bjarne Sund, Kinn kommune

Måløy Vekst v/ styreleiar Øyvind Reed

Dei to næringsselskapa i Kinn kommune, Aksello og Måløy Vekst, vil ha eit tettare samarbeid for næringsutvikling i regionen vår, og frukostmøte var såleis ei god anledning for dei frammøtte til å bli betre kjend med nye Måløy Vekst. Tidlegare dagleg leiar for Nordfjord Vekst, Randi P. Humborstad, som vi og kjenner frå Stadt skipstunell-prosjektet, er tilsett  som dagleg leiar for Måløy Vekst, og selskapet har fått eit heilt nytt styre. Styreleiar Øyvind Reed fortalde om modellen til selskapet og korleis dei ynskjer å arbeide for å skape vekst og engasjement på kysten. 

Lokalt engasjement er avgjerande for at vi skal lykkast og vi ynskjer at flest mogeleg engasjerer seg, understreka Reed.

For å få til dette har dei organisert Måløy Vekst i ulike underutval ut i frå forskjellege bransjar: Handel/Turisme, Marine/Maritime, IKT, Prosess og industri, og sal og marknadsføring.

–  Slik kan kvar enkelt jobbe med det dei brenn for og vi kan dele kompetanse på tvers av dei ulike industriane vi jobbar i og lære av kvarandre, forklarte han.

Ei anna spennande satsing er Måløy marine ressurssenter, eit lokalt forankra forsking- og utviklingsmiljø, som samarbeider tett med næringslivet i utvikling av nye produkt.

Frukostsamling Aksello
Øyvind Reed, styreleiar for Måløy Vekst

Reed avslutta sin presentasjon med å snakke litt meir om det samarbeidet Måløy Vekst og Aksello ser føre seg i framtida. Dialogen er allereie i gang og dei ser at Aksello kan bidra sterkt til gründermiljøet i Vågsøy med sin førstelinjetenesete og inkubator.

– Vi ser at vi treng kompetanse og ressursar for å fange opp gode idéar og gründerar i startfasen og hjelpe dei gode prosjekta eit steg vidare. Her har Aksello eit godt opparbeida miljø og kompetanse som vi kan dra nytte av, fortalde Reed.

– Vi er to forskjellige selskap som kompletterer kvarandre godt. Eit eksempel er satsinga på FoU i næringslivet der Måløy Vekst no er i full gang med realisering av MMR (Måløy Maritime Ressurssenter). Vi kan lære mykje av den kompetansen som dei sit på, så dette samarbeidet ser vi verkeleg fram til, avslutta Bareksten på vegne av Aksello.

Ordet Fritt

Under Ordet Fritt minna Øyvind Østrem frå Høgskulen på Vestlandet om at søknadsfristen for å søkje studieplass hos dei er 15. april. Hjelp dei gjerne å spreie ordet!

Aksello inviterer til Gründersamling hos oss 11. april. Mål for kvelden er å bidra til inspirasjon, motivasjon og nettverksbygging blant gründerar og idéskaparar i vår region. Etter presentasjonane blir det god mat og mingling! Samlinga er gratis og open for alle – og du kan melde deg på her.  

Maritime Forening Sogn og Fjordane arrangerer nettverkssamling for næringsaktørar som arbeider for verdiskaping i havrommet 18.-19. april. Nettverkssamlinga arrangerast på Kviknes hotel i Balestrand og er open for alle verksemder, ikkje berre dei som er medlem i Maritim Foreining Sogn og Fjordane. Meir info her.

Neste Frukostsamling 3. mai

Neste Frukostsamling vert 3. mai. Om du har innspel til tema du vil vi skal ta opp eller har tips til interessante foredragshaldarar, kan du tipse dagleg leiar Lone Bareksten på lone@aksello.no.

Vi sjåast på neste Frukostsamling!

Aksello ynskjer alle velkommen til ny Frukostsamling den 5. april. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; og innlegg frå kl. 08.00 til 09.00.

Tema for samlinga er Kinn kommune og vi kjem med fleire detaljer på Facebook når vi nærmar oss frukostmøte, så følg med her. 

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr, diskuter og treff gamle og nye kjende!