I samband med permitteringar er det viktig at arbeidsgjevar avklarer kva reglar som gjeld for dei ansatte generelt.
Eit eiga punkt er det som gjeld pensjons- og forsikringsordningar i permitteringstida. Dei fleste bedrifter har slike avtalar på plass, men stadig fleire endrar på desse grunna likviditetsskvis.
Om eit selskap vil endre på pensjons- og forsikringsordningar for arbeidstakarar, må dei ta eit aktivt val. Då krev lova òg at ein aktivt informerer om dette til sine arbeidstakarar. Koronaviruset har gjort at Stortinget har godkjend foreløpige nokre forslag som får påverknad.
Vedrørande pensjon skriv DN (22.02.2020) følgjande:
«Finansdepartementet hadde derfor et godt incentiv til rask behandling av ønsket om et tredje alternativ for bedrifter som har permittert ansatte. Forslaget som ble vedtatt av Stortinget i påsken og godkjent i statsråd fredag, gjør at bedriftene kan la de ansatte bli værende i pensjonsordningen, men de trenger ikke å fortsette og betale inn. Regelendringen gjelder i første omgang for seks måneder. For den ansatte betyr det like fullt at pensjonsinntekten i fremtiden blir litt lavere, men fordelen er at det er bedriften som tar kostnadene ved forvaltningen. Hadde det blitt utstedt pensjonskapitalbevis måtte den enkelte betalt selv.»
To faktorar regulerer om permitterte skal vere med i bedrifta si pensjonsordning eller tas ut:
- Pensjonsavtala med forsikringsselskapet
- Avtalar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar (tariffavtaler og arbeidsavtalar/-kontraktar)
Pensjonsavtala med forsikringsselskapet kan overstyre avtalar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Då er det imidlertid arbeidsgjevar som har ansvaret, ikkje forsikringsselskapet.
Vedrørande forsikringsavtalar har bedriftane fleire alternativ. Kvar bedrift må finne ut kva som passar ein best. Det viktige er å vere bevisst på at det er arbeidsgjevar som har ansvaret for dei aktive vala, og for at alle ansatte er klar over kva som er bestemt endra.
Ta gjerne kontakt med Aksello ved spørsmål.