Kapitdaldagen er ein arena med moglegheit for gründerar, investorar og næringsliv å knytte gode og viktige relasjonar, bli oppdatert på kva som skjer i regionen, og få inspirasjon. Èin sak er sikkert, og det er at alle er der av same hensikt: Å sjå på moglegheitene for å skape arbeidsplassar som varer. Gründerane har innovative idèar til korleis skape arbeidsplassar, næringslivet og støtteapparata bidrar til rådgjeving og midlar som bidrar til at idèane kan få vekst, og investorar kan gi kapital og sørge for at dei gode idèane kan få vekse endå meir og få fotfeste til å faktisk bli eit etablert selskap. Fekk du ikkje med deg Kapitaldagen fysisk? Du kan sjå streaming her.
Fleire frå investormiljøet i regionen møtte opp på Kapitaldagen for å knytte kontakter, og bli oppdatert på nye startups i Sogn og Fjordane. Vi har prata med nokon av dei:
Thomas Berge, Peak Venture og Fjord Invest
Peak Venture er eit investeringsfond og investornettverk som investerer i tidligfaseselskap i regionen. Peak Venture består av 30 investorar som alle har bakgrunn som gründere eller investorar i tidligfaseselskap.
Fjord Invest er eit eigenkapitalfond som har investert i mange vekstselskap. No investerer dei fond-i-fond og er blant initiativtakarane til blant anna Peak Venture.
Berge fortel at han sjølv var tilstede på Kapitaldagen for å treffe investormiljøet i regionen, og å få nyheiter om dei selskapa som hentar kapital. «Det er viktig å treffe gründerne og dei andre investorane» seier Berge.
Fleire er villige til å ta risiko
«Vi ser at dei siste fem åra, der Kapitaldagen har vore arrangert, at det har vore ei ganske radikal endring i innovasjonsmiljøet i regionen. Det er mykje meir privatkapital som blir investert i tidligfaseselskapa, der private og lokale investeringsselskap har blitt meir relevant. Det viser at det er ei aukande vilje til å ta risiko i dag enn tidlegare» fortel Berge, og begrunner dette med at bransjen er meir moden, og at ein generelt har meir erfaring på kva som skal til for å lukkast med tidligfaseselskap. Det finnast også fleire eksemplar på dette som til dømes Tibber, Melin og Highsoft m.fl. «Desse er heilt konkrete bevis på at det er fullt mogleg skape verdiar i tidligfaseselskap lokalt» seier han.
Skape varige arbeidsplassar
«Målet med å investere i ei verksomheit er å skape og sikre nye, varige arbeidsplassar!» avsluttar Berge.
Dei som møter opp på arrangement som Kapitaldagen har som hensikt og felles målsetting å skape verdi i næringslivet gjennom å skape fleire og nye arbeidsplassar. Auka omsetning for bedrifter og lokal verdiskaping er også viktig.
Anne Mette Hjelle og Dag Solheim, Fjordvekst
Anne Mette Hjelle og Dag Solheim er ein del av investormiljøet i regionen, og deltok på Kapitaldagen for å sjå kva som rører seg av prosjekt, gode idèar og kva type menneske som er her. «Investorar treng også å treffe kvarandre, samarbeide og diskutere felles utfordringar» fortel Hjelle, som i tillegg til å vere medeigar og styremedlem i Fjordvekst AS, samt styremedlem i Peak Venture AS, er eigar og leiar av konsulentbedrift med same namn; Anne Mette Hjelle.
«Vi er her for å treffe miljøet. Det er mange spanande prosjekt på gang i området Dette er ein særs god møteplass» seier Dag Solheim, eigar og leiar av investeringsselskapet Fjordvek
Hjelle og Solheim fortel om eit positivt og veksande innovasjonsmiljø i regionen og at dei gleder seg over dette. «Utan det hadde det vore eit sjukdomsteikn. Det boblar med idèar, og det er kjekt at andre menneske ser moglegheiter her!» sei Hjelle.
Begge uttrykker at det er eit veldig spanande miljø i heile fylket, der m.a. Måløy, Sogndal, Florø og Førde har fått sterke gründermiljø. Solheim legg vekt på at slike arenaer, samt kontorfellesskapet; Peak, synleggjer desse miljøa og bidrar til samarbeid.
«Det er luksus å få så mange gode pitchar og moglegheiter for samarbeid, og å få anledninga til å kome i kontakt med investorar i dag!» avsluttar Hjelle.
Agathe Bøe Risa, Connect BAN Bergen
Connect BAN Bergen er eit investeringfirma som jobbar tett med nettverksbygging. Dette gjeld nettverksbygging mellom investorane, der dei går saman og diskuterer moglege investeringar. Gründerane her får tilgang til eit sterkt investormiljø med kompetanse og kapital.
Agathe Bøe Risa er styreleiar i Connect BAN og ho og dei andre investorane brenn for kompetent kapital. Alle medlemmane har sjølv vore gründer og har derfor mykje erfaring om korleis det er. Bøe Risa fortel at investorane i Connect BAN går inn som ei gruppe for å vurdere startupselskapa saman som ei gruppe, men at dei investerer kvar for seg.
Nettverksbygging er ein vesentleg og avgjerande faktor i gründer- og investormiljøa.
«Vi sit med denne kunnskapen og samtidig kapital. Ein gründer som får kapital frå oss, får også meir kunnskap. Jo fleire investorar vi er, jo meir bransjekompetanse får vi» sei Bøe Risa.
Ho deltar på Kapitaldagen i Førde då dei jobbar for å samle og digitalisere Vestland. «Kunnskapen her oppe er veldig nyttig i Bergen og motsatt. Dersom vi opnar opp, og er meir raus, klarar vi å løfte selskapa på vestlandet betre; heile kysten skal få dette til!» sei ho ivrig.
Mangfold
Bøe Risa understreker at ein slik arena som Kapitaldagen er viktig for å bygge nettverk, og at dei som deltar på slike arrangement har dei same tankane: Dei skal skape arbeidsplassar i framtida. For å få til dette er det viktig å tenke mangfold, legg ho til. «Diversitet er viktig! Både alder, kjønn og etnisitet må vi ta i mot med opne armar. Team med ulikt mangfold har ulik bakgrunn og utdanning, og dette forsterker den tverrfaglege kompetansen i teamet. Slik stiller dei sterkare,» avslutter Bøe Risa.