Skip to content Skip to footer

Møt vår nye prosjektleiar innan havbruk

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Linn Theres Reksten Nekkøy i spissen for Havbruksprosjektet!

Linn er nytilsett i Aksello som prosjektleiar. Ho kjem frå øya Nekkøy utanfor Florø, men har dei siste fire åra budd i Bergen og studert ved universitetet. Derifrå har ho blant anna med seg ein Bachelor i Pedagogikk og ein i Administrasjon og organisasjonsvitskap. Gjennom studiemiljøet i Bergen vart ho introdusert for Youngfish som ho synes er en spennande organisasjon som har gitt mykje fagleg påfyll om havbruksnæringa. Samstundes har ho mønstra av og på det lokale kystnot fartøyet M/S Bluefin som fiskar. Gjennom dette arbeidet har ho danna seg fleire erfaringar innan fiskerinæringa. Ho har blant anna vore med på å tilrettelegge for makrellstørjeprosjektet for fartøyet i 2017. Gjennom dette arbeidet fekk ho blant anna være med den norske delegasjonen på ICCAT møte i Marokko. Elles har ho og bakgrunn frå jobb og studiar i New York.

«Etter å ha budd vekke så ser eg at det har våre ei spennande utvikling innan dei ulike næringane her heime, og eg synes det er kjekt å flytte heim i ei slik tid.» No har ho tatt med seg fosterkatten, Tuva og flytta i Norddalsfjorden med sambuaren, som er derfrå.

Linn brenn oppriktig for dei ulike næringane som tar i bruk havet. «Det blir vel kanskje slik når man er oppvaksen i fjæra» seier Linn med eit smil. Ho gler seg til å få leie prosjektet på vegne av næringa. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike aktørar i havbruksnæringa for auka verdiskaping og sysselsetting i regionen.

Det kjem til å bli veldig spennande og eg gler meg til å lære mykje nytt! Eg har hamna midt i ei klynge med utruleg dyktige menneskjer, både i Aksello-teamet og i prosjektgruppa. Eg trur at prosjektet har eit enormt potensial og eg trur at min kombinasjon av praktisk erfaring, teori og interesse kan komme til nytte for prosjektet. Florø og regionen sit med høgt kompetente menneskjer og bedrifter, og eg gler meg til å snakke fram næringa, seier Linn.

Dagleg leiar i Aksello, Lone Bareksten, seier at det har teke tid å finne den rette kandidaten, men når Linn no er på plass ser ho at dei har funne ei med fisk i blodet. «Eg er overtydd om at Linn er den rette personen til å leie Havbruksprosjektet!»

 [/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_btn title=”Les meir om Havbruksprosjektet her” link=”url:https%3A%2F%2Faksello.no%2Fhavbruksprosjektet-i-gang%2F|||”][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet