Ingunn Eide har jobba som Inkubatorleiar i Aksello sidan mai 2023. Tidlegare har ho jobba som jurist hos Statsforvaltaren, Havforskningsinstituttet og Inventura AS. Ho har også bakgrunn som plankonsulent i Gulen kommune og som lærar ved Bergen Private Gymnas, samt mange år som danseinstruktør.
Ingunn har mastergrad i rettsvitenskap frå Universitetet i Bergen, i tillegg til idrettsfag ved Norges idrettshøgskole og Høgskolen i Bergen. Ho har brei erfaring frå både planrett, innkjøpsrett og kontraktsrett, og er spesialisert innan fabrikasjons- og entreprisekontraktar.
Kvifor Aksello:
Eg har alltid funne stor glede i å arbeide med vekst og nyskaping. Som Inkubatorleiar får eg vere med å hjelpe nye og innovative idéar til å få fotfeste og jobbe seg til neste nivå. Det gjev stor motivasjon å sjå korleis små begynnande tankar kan bli gjennomførbare og faktiske produkt, som kan være med å løyse eit problem. I Aksello får eg vere med å gjere det lettare for gründerar å få oppfølging og tilgang på rett hjelp til rett tid. Dette er essensielt for at vi skal kunne løfte idéar som blir morgondagen sine nye tekniske løysingar, spesielt opp mot eit bærekraftsperspektiv.
I Aksello er vi eit sterkt fagleg team, som arbeider for å løfte kvarandre, kvar einaste dag. Dette kombinert med at eg dagleg blir utfordra på både mitt eige og mine kollega sine fagområde, gjer arbeidsdagane utruleg interessante. Det er også sentralt for meg at jobben er veldig variert. Arbeidet vi gjer opp mot både offentleg og privat sektor i tillegg til å være med i utviklinga av nye bedrifter gjer at kvar dag blir veldig variert.
Om
97509055