Aksello invitera til julefrokost torsdag 5. desember.
Samlinga vert som vanleg i våre lokaler i BYX Florø. Denne gongen serverer vi frukost med ein julevri. Det blir mellom anna julebrød med kvit og brun ost, peparkaker og kakao, og sjølvsagt også kaffi.
Frukostmøtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.30 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.
Her ser du agendaen:
- “Velkommen” v/Aksello
- “Styrekompetansekurs som fag med Handelshøyskolen BI” v/Andrea Bjørkaas – Aksello
- “Prosjektet Etablererteneste” v/Siri Stavang – Kurs KF
- “Korleis lykkast med butikkar i distriktet” v/Cecilie Fanevik – Harmonia
- “Evoy fekk 190 millionar frå EU” v/Beate Grønnevik – Evoy
- Presentasjon av ny verksemd i inkubatoren
- Ordet fritt
Vi gleda oss til å sjå deg der, for læring, mingling og nettverksbygging. Det er fint om du melder deg på så vi veit kor mange som vil ha mat (sjå nedanfor). Gi beskjed viss du har nokre allergiar vi må ta omsyn til.
VELKOMMEN TIL JULEFRUKOST!
Meld deg på HER