Måndag 2. desember fekk Aksello besøk av Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo saman med Håkon Iversen og Hilmar Eliasson frå Kinn Venstre.
Bjørlo og Venstre har utarbeid sitt eige forslag til gründermelding med ambisjon om å gjere Noreg til verdens beste land for startups.
Hos Aksello fekk dei møtt lokale inkubatorbedrifter og blei kjent med støtteapparatet og moglegheitene for grûndere og etablert næringsliv til å få realisert sine idéar. Dei som presenterte seg var Arez , Safe Storage og Retrams.
I tillegg blei det satt fokus på viktigheita av gode støtteordningar frå det offentlege i tidlegfase og at selskap som Aksello kan guide bedriftene i prosessen.
Frå Aksello gjekk turen vidare til besøk hos Retrams kor ein m.a. fekk sjå den eigenutvikla helsescanneren i funksjon.