Innlegg

Førre veke deltok Aksello og tre av våre inkubatorbedrifter på DEMO DAY i Bergen for å byggje relasjonar på tvers av fylkesgrensene og møte potensielle investorar og samarbeidspartnarar. Over 50 selskap fekk pitche sine idéar for investorar i regionen, og tre av dei var inkubatorbedriftene våre Dimeq, Evoy og FjordAlg.

– Det var eit veldig høgt nivå på bedriftene som deltok, og inkubatorbedriftene våre leverte. Dei har alle tre komme veldig langt i utviklinga av sine prosjekt, og då betyr det så klart mykje for dei å få moglegheita til å delta på ein slik arena der hensikta er å kople gründerar saman med investorar, fortel dagleg leiar Lone Bareksten, som representerte Aksello under arrangementet.

 

DEMO DAY | Aksello
EVOY

ENERGY

Kvar bedrift hadde fem minuttar kvar til å presentere seg og dagen var delt opp i fire ulike sessions. Evoy var første ute i elden av våre i bolken Energy, og gründer Leif Stavøstrand viste korleis dei planlegg å eliminere utslepp frå båtar på verdsbasis med elektrisk framdrift.

– Det var ei ære å bli plukka ut til å vere med på dette blant så mange andre dyktige selskap frå heile Norge. Det var veldig kjekt, og vi møtte mange som det skal bli interessant å snakke vidare med, seier Stavøstrand.

Les også: – Blant 500 startups frå heile verda var det 11 som skilte seg ut. Ein av dei var Aksello si inkubatorbedrift Evoy

 

DEMO DAY | Aksello
DIMEQ

OCEAN

Dimeq og FjordAlg deltok i kategorien OCEAN. Dimeq presenterte sitt digitale armband som kan redde liv på sjøen, og FjordAlg sin produksjon av mikroalgar i lukka system på land.

Etter presentasjonane var det gjort klart eit mingleområde der dei ulike selskapa stod på stand og kunne komme i kontakt med potensielle interessentar.

– Arrangementet var veldig bra og mange interessante bedrifter pitcha i løpet av dagen. For vår egen del så synes eg at presentasjonen av Dimeq gjekk fint, men då vi stod på stand var det vanskeleg å identifisere kven investorane var. Vi kom dessverre ikkje i kontakt med investorar under minglinga, men vi får berre håpe at nokon av dei tek kontakt med oss på eit seinare tidspunkt, seier ein optimistisk Audun Bakken frå Dimeq.

Gabriel Ossenkamp frå FjordAlg seier seg einig i Dimeq sitt resonnement:

– Med over 50 bedrifter som deltok vert det nok mykje å ta inn for dei som sat i salen, men sjølv om vi reiser heim utan ei konkret avtale, så er det i alle fall fleire som veit om oss. Så håpar vi så klart at vi høyrer frå nokon som var der. Uansett så kjem vi til å jobbe vidare med å perfeksjonere pitchen til neste sjanse byr seg. For ein kan alltids bli betre, og øving gjer meister som dei seier, smiler han.

 

 

Les også: – Verda venter

 

FRAMTIDIGE VESTLAND

DEMO DAY var arrangert for andre gong, og det var første gong Aksello deltok med bedrifter frå vår inkubator. Arrangementet var i regi av VIS (Tidlegare Bergen Teknologioverføring) i samarbeid med fleire sentrale partnarar innan nyskaping i Norge, mellom anna SIVA, Innovasjon Norge, Connect Norge, og regionale næringslivsselskap som Aksello og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

– Vi er avhengig av å styrkje miljøet vårt på tvers av fylkesgrensene og spele saman med dei gode kreftene som finst i Hordaland. Dei har bygd opp eit solid miljø og nettverk av businessangels og investorar som vi kan lære mykje av i Sogn og Fjordane. Så det er utruleg viktig at vi får til gode samarbeid med dei, og spesielt med tanke på framtidige Vestland, konkluderer Bareksten.

 

 

DEMO DAY

Hensikta med DEMO DAY er at lovande selskap som er på jakt etter nye samarbeidspartnarar eller investorar får vist seg fram på ein 5-minuttars presentasjon. VIS (tidlegare Bergen Teknologioverføring) har over 100 selskap i porteføljen sin, og i 2017 bestemte dei seg for å lage eit ordentleg konsept for ein slik dag. Det vart ein stor suksess. Som i fjor, samarbeider dei med fleire aktørar som til dagleg jobbar opp mot ulike innovasjons og investeringsmiljø:

DNB, Innovasjon Norge, Connect Norge, Sparebanken Vest, VIS, NCE Media, NCE Seafood, NCE Finance Innovation, GCE Ocean Technology, NCE Maritime CleanTech, X, Innoventus Sør, Startup Lab, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Inven2, SINTEF, Atheno, Industriutvikling Vest, Bergen Works, Accel og Aksello.

Meir info om DEMO DAY

Stadig fleire norske bedrifter får hjelp av Siva, melder Siva i ei pressemelding. Talet på nye bedrifter som vert tatt inn næringshagar og inkubatorar støtta av Siva har auka kraftig viser ferske tall for 2017.

Siva sitt inkubasjons- og næringshageprogram gir bedriftene tilgang til kunnskap, kompetanse og eit nasjonalt nettverk. 40 næringshagar og 35 inkubatorar over heile landet drifter programmet, og i Sogn og Fjordane er Aksello, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Gulen og Masfjorden Næringshage, Gulen og Masfjorden Utvikling, Sognefjorden Næringshage, Nordfjordeid Næringshage og Stryn Næringshage ein viktig del av dette nettverket. Sjå Siva-effekten i Sogn og Fjordane her.

8,6 mrd. i verdiskaping 

På landsbasis er 3.600 bedrifter knytt til Siva sine inkubatorar og næringshagar, noko som er ei auke på 11% frå 2016.

Bedriftene genererer 8,6 milliardar i verdiskaping kvart år. Analysane fortel også at bedrifter som er ein del av Siva sin innovasjonsinfrastruktur presterer betre enn andre.

I 2017 vart heile 949 nye bedrifter tatt opp i inkubasjonsprogrammet og 529 nye bedrifter i næringshageprogrammet.

– Siva sitt samfunnsoppdrag handlar om å utløyse næringsutvikling i bedrifter og regionale nærings- og kunnskapsmiljø i heile Norge. Vi er nøgde med at så mange bedrifter får hjelp av Siva sine inkubatorar og næringshagar, seier innovasjonsdirektør for Siva Kjerstin Spjøtvoll.

Les heile pressemeldinga frå Siva her 

Innovasjonsdirektør for Siva Kjerstin Spjøtvoll.

Auka verdiskaping i fylket

– Tala frå Siva viser at det samla tilbodet som vi gir til gründerarar og etablert næringsliv har ein klar effekt, seier Vanja Viken, inkubatorleiar for Aksello.

I 2017 var 22 nyskapande bedrifter med i inkubatorprogrammet hos Aksello, og 8 av desse var nye bedriftsopptak. Gjennom inkubatorprogrammet får selskapa tilgang til eit innovativt miljø med støtte til prosjektleiing, forretningsutvikling, tilgang til nettverk, finansiering og andre verkemiddel.

– Vi opplev eit aukande behov for bistand både hos nye gründerar og etablerte bedrifter for utvikling av innovative produkt og tenester. For å møtte det veksande behovet inngjekk vi i fjor ei samarbeidsavtale med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane for sikre eit heilskapleg tilbod på inkubasjon i fylket. Dette styrkjer den samla kompetansen vår og det regionale innovasjonsmiljøet som skal løfte fram gründerar og nyskapande bedrifter for auka verdiskaping i fylket vårt, seier Viken.

Les meir om samarbeidet til Aksello og Kunnskapsparken her

Inkubatorleiarane Vanja Viken frå Aksello og Roger Ulvestad frå Kunnskapsparken.

Kort om Siva

Siva fyller 50 år i 2018 og har gjennom alle sine år bygd opp ein nasjonal infrastruktur med internasjonalt etterspurt kompetanse.
I budsjettavtala for 2018 har Siva fått fornya tillit med 115 millionar i auka bevillingar. Desse skal mellom anna verte brukt til å styrke inkubasjons- og næringshageprogrammet.

Siva sitt Inkubasjonsprogram er retta mot oppstartsbedrifter i tidleg fase. Tenester som vert gitt er til dømes forretningsutvikling, kommersialisering og mentorering. Bedriftene får tilgang til relevante nettverk, finansiering og eit sterkt utviklingsmiljø. Siva har 35 inkubatorar i Norge som drifter programmet.

Næringshageprogrammet er retta mot meir etablerte bedrifter og har eit spesielt fokus på distrikta. Tenester som vert gitt er til dømes bedriftsrådgjeving, hjelp til utvikling av forretningsidéar og marknadsplanlegging. Det å kople bedriftene opp til relevante FoU-miljø, investeringsmiljø, samt offentleg verkemiddelapparat er også ein del av programmet. Siva har 40 næringshagar som drifter programmet