Innlegg

Inkubatorbedrifta Dimeq fekk ein unik moglegheit til å presentere seg for eit panel av næringslivsekspertar via Connect Vest sitt Springbrett. CMO Audun Bakke frå Dimeq er klar på at det har vore veldig verdifullt for prosjektet deira.

– Det som er unikt med Springbrett er at det dreiar seg kun om ditt prosjekt. Ekspertpanelet er der for å høyre om og diskutere di bedrift!! Vi fekk 20 min til å presentere oss, og det er heilt noko anna ein på andre pitcheforum der du har mykje kortare tid og deler scena med fleire andre gründerarar, fortel Audun.

Dimeq skal redde liv på havet med eit innovativt maritimt HSE-system som mellom anna vil varsle om mann-over-bord, og lokalisere mannskap og passasjerar i ein nødsituasjon.

CONNECT SPRINGBRETT

Gjennom Connect Springbrett får oppstartsbedrifter som Dimeq tilbakemeldingar frå eit tverrfaglig panel som skal ruste dei i møte med investorar og den verkelege verda. Panelet er tilpassa bedrifta sine behov og består av ressurspersonar som juristar, patentekspertar, investorar og personar med kunnskap om relevant marknad. Dimeq fekk også sjølv komme med innspel til kven dei ynskja å møte i panelet.

Det var veldig bra organisert av Anita Mannes hos Connect Vest og vi har fått tett oppfølging undervegs. Så dette er absolutt noko vi kan anbefale andre oppstartsbedrifter om å vere med på. Det er utan tvil den beste møtearenaen vi har deltatt på, seier Audun.

Inkubatorbedrifta kom i kontakt med Connect Vest gjennom Aksello og Innovasjon Norge sitt nettverk, og Springbrett er sponsa av Innovasjon Norge, samt ulike aktørar frå næringslivet.

– Det var rådgjevar Jørgen Berg frå Innovasjon Norge som inviterte oss til å delta. Ein må ha komme eit godt stykke på veg med prosjektet før ein får moglegheita til å presentere seg på Springbrett, understrekar Audun.

Bedrifta har vore med i inkubatoren til Aksello sidan 2017, og er i gang med å sikre viktig kapital til prosjektet. I denne fasen er det gull verdt å få innspel frå næringslivsekspertar som førebur deg på møte med investorar. I forkant av Springbrett går gründerane igjennom ein kvalifiseringsprosess, og avhengig av kor i utviklingsløpet bedriftene er bidrar Connect også med å utarbeide strategier og investorpresentasjon.

VERDIFULL FEEDBACK

Etter at Dimeq hadde fullført investorpresentasjonen sin fekk ekspertane stille spørsmål og komme med innspel til forretningsplan, strategi og kva dei bør tenkje på i møte med investorar.

– Tilbakemeldinga vi fekk var positive og veldig verdifulle, og dei var heilt klare på at vi må få med ein industriell investor. Dette er noko som vi har jobba med, og som vi snart vil kunne fortelje meir om, smiler Audun.

Han kunne også fortelje at dei har vore i kontakt med to av ekspertane i etterkant av Springbrett.

– Vi har ein god dialog. Dei passer begge godt inn i det vi held på med og er positive til prosjektet vårt, så det vert spennande å sjå kva som skjer vidare.

Connect Vest inviterte også Dimeq til å presentere seg på Investorforum der dei vart kåra til det mest spennande selskapet. Aksello gratulerer så mykje og ser fram til å følgje med Dimeq vidare!

Få med deg siste nytt frå Aksello ved å melde deg på nyheitsbrevet vårt her!

 

Interessert i å delta på Connect Vest sitt Springbrett?

Springbrett er eit svært nyttig og effektivt verktøy, og Aksello anbefaler alle sine inkubatorbedrifter å delta. Ta kontakt med rådgjevar Heidi Felle heidi@aksello.no om du ynskjer å vite meir. Du kan også lese meir om Connect Springbrett her.