Skip to content Skip to footer

Søkjer 100 millionar til næringslivet

Aksello leverte torsdag 15. september inn søknad til SIVA for inkubatorprogrammet og næringshageprogrammet.

Siva lyste i sommar ut ny nasjonal programperiode for inkubatorprogramet og næringshageprogrammet. Frå 1. januar 2023 startar nye programperiodar for begge programma opp. Berekraftig omstilling, digitalisering, vekst og økt eksport er sentrale stikkord. 

Ved utgangen av 2022 skal søknadane vere behandla frå SIVA og Vestland fylkeskommune si side. Ved positivt tilbakemelding på våre søknadar vil det sei at Aksello i samarbeid med sine eigarar og partnerar vil legge til rette for 100 millionar kroner til næringslivet i vår region, dei neste 10 åra.

I Aksello sin strategi står det at Aksello skal sikre dei rette verkemidlane og tilby dei beste programma og verktøya til gründerar og næringsliv. Derfor har Aksello jobba i lang tid for å sikre sin posisjon i høve kvalitet på leveransane i inkubatorprogrammet og ikkje minst sikra utvikling av organisasjonen, kompetansen, og dei rette partnerane for å kunne tilby næringshageprogram i denne regionen. Saman med styret og eigarane i Aksello har ein jobba godt med søknadsarbeidet no i sommar og haust.

«Med desse programma veit vi at vi kan tilby finansiering, nettverk og rådgjeving til oppstartselskapa, i tillegg legge til rette for eit næringshagetilbod i vår region med høg kvalitet på forretningsutvikling i etablerte bedrifter. Dette er avgjerande om vi skal lukkast med den omstillinga og grøne verdiskapinga som skal skje i vår region innan berre nokre få år», seier Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello.

Om Aksello lukkast og får begge programma slik dei er omsøkt, vil det tilsvara 100 millionar i støtte til det utviklingsarbeidet og omstillinga som skal skje dei neste åra. Langsiktigheita ved å kunne jobbe i 10 års program er særs viktig for å bygge kvalitet på tenestene og ikkje minst skape tillit hjå gründerar og næringslivet. Aksello har 10 års erfaring med inkubatorprogrammet og har levert god kvalitet både i høve tenestene frå inkubatoren, og ikkje minst kvaliteten på bedriftene som er realisert gjennom programmet.

Litt om Programma 

Kort om inkubatorprogrammet:

Inkubatorprogrammet er spesielt retta mot oppstartsbedrifter i tidleg fase.
Etablerte bedrifter kan søke opptak av knoppskytingar og forretningsmessige innovasjonar i inkubatoren.
Tenesta i inkubatoren er for eksempel forretningsutvikling, kommersialisering og mentoring. Inkubatoren tilbyr eit fagleg og sosialt miljø der gründerar, bedrifter, akademia, FoU-miljø og investorar koplast saman i eit sterkt utviklingsmiljø.

Kort om Næringshageprogrammet:

Næringshageprogrammet er retta mot meir etablerte bedrifter og har eit spesielt fokus på distrikta.
Tenestene i næringshageprogrammet er for eksempel bedriftsrådgjeving, hjelp til utvikling av forretningsidear og marknadsplanlegging.
Det er å kople bedriftene opp til relevante FoU-miljø, investeringsmiljø, samt offentleg verkemiddelapparat er også del av programmet.

Utsagn frå eigarar

Norwell ønsker med sitt eierskap i Aksello og ta et tydelig samfunnsansvar, og bidra utvikling i vår region. Et mer variert og blomstrende næringsliv mener vi vil gagne alle bedrifter i regionen, ved blant annet kompetanseoverføring mellom ulike bransjer, og det faktum at et stort og variert næringsliv vil kunne gjøre fremtidige rekruteringer enklere siden det ofte er slik at når man skal rekruttere nye ansatte utenbys fra, er det ofte en partner som også skulle hatt en jobb.
Snorre Kvammen
Dagleg leder
I vår region har vi gode føresetnader for å ta ei aktiv rolle i den grøne omstillinga. Vi har god tilgang på fornybar energi, men dette åleine er ikkje nok. Skal vi lukkast, må vi legge til rette for at dei gode ideane kan utvikle seg til ny teknologi og nye grøne arbeidsplassar. I SFE vil vi delta aktivt i parterskap for å utvikle nye og framtidsretta forretningsverksemder. Eigarskapet vårt i Aksello er eit viktig ledd i denne strategien.
Johannes Rauboti
Konsernsjef

Våre eigarar 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet