[vc_row][vc_column][vc_separator color=”white”][/vc_column][/vc_row][vc_row gap=”15″][vc_column][vc_column_text]
Sjå vår samleside for informasjon og nyhende knytt til COVID-19 situasjonen her
Kinn kommune og Aksello samarbeider om å bistå selskap i kommunen og kystregionen i forbindelse med Covid-19-situasjonen.
Konsekvensane av viruset som har ramma verda er store, og det vil framleis eskalere. Å sikre folkehelsa og det økonomiske livsgrunnlaget for både personar og bedrifter, er avgjerande no. I tillegg til dei helsemessige effektane av situasjonen, er Kinn kommune oppteken av utfordringane og bekymringane til små og store bedrifter i kystregionen.
Eit samla storting presenterte måndag morgon (16. mars) ulike økonomiske tiltak for å avhjelpe situasjonen. Å få oversikt over kva behov, ønskjer og tiltak som næringsaktørar i kystregionen ser for seg kan hjelpe no, er essensielt. Derfor har Kinn kommune satt i gang samarbeid med Aksello som blir kommunens forlenga arm i beredskapsarbeidet mot næringslivet. Aksello arbeidar òg tett med NHO Vestlandet og andre aktørar, og held oversikten i regionen vår.
Bedrifter som er medlem i NHO har eit godt digitalt, informasjonstilbod. Denne informasjonen er òg ope for andre, så vi oppfordrar til å nytte NHO si nettside samt deira Facebook. Bedrifter som ønskjer ein sparringspartnar eller har driftsrelaterte spørsmål, er velkomne til å kontakte Aksello.
Er du som arbeidstakar usikker på kva rettigheiter du har i denne situasjonen, anbefaler vi å nytte LO sine nettsider for tydeleg og oppdatert informasjon.
Det som er viktig no er å vise politisk einigheit, dugnadsånd, å ta styresmaktene sine helseråd på alvor samt å sette seg inn i dei tiltaka som regjeringa har lagt fram. Vi skal alle hjelpe kvarandre og dele all nødvendig informasjon.
Kontaktperson i Aksello vedrørande rådgjeving:
Seniorrådgjevar Kari Brun Ågotnes (982 36999)
[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]