Er di bedrift i gang med klimatiltak?
Kinn kommune har som mål å vere ein nullutsleppskommune innan 2030. Næringslivet i kommunen er dei viktigaste medspelarane for at kommunen skal kunne lukkast med denne målsetninga. Det er derfor viktig at flest mogleg deltek og saman finn fram til dei tiltaka som skal settast i gang.
Bli med på digitalt lunsj-møte onsdag 23. juni kl 11:30-12:00 for å høyre kva di bedrift kan gjere i fellesskap med andre i næringslivet og i samarbeid med kommunen. Vi vil ta fram nokre eksempel frå bedrifter som allereie er godt i gang med klimasatsing i kommunen vår, og vi vil gjere nokre kjappe meiningsmålingar undervegs for å få dykkar innspel.
Klima og miljøsatsing vil vere framtidas store konkurransefortrinn, vi gler oss til å starte dette arbeidet saman med dykk! I næringslivet kan ein komme langt i dette arbeidet ved å legge om til ein sirkulær økonomi. Kommunen er saman med Aksello i oppstarten av eit kartleggingsprosjekt/City Scan for å legge til rette for at næringane lettare kan finne sirkulære moglegheiter i sin bransje.
Onsdag 16. juni la Klima og miljøminister Sveinung Rotevatn fram regjeringa sin strategi for sirkulær økonomi, strategien kan du lese her: https://www.regjeringen.no/contentassets/9ed0d23afd684bbab4c485fe2cdbb172/sirkularokonomi.pdf
Meld deg på under for å få tilsendt lenke til den digitale sendinga til Kinn kommune. Og husk å sette av tida, dette skjer direkte 11.30 til 12:00 onsdag 23. juni!