Skip to content Skip to footer

Inkubatorbedrifter i media

Aksello har i snart 15 år vore operatør av ein såkalla inkubator, der nye forretningsidéar vert dyrka fram. Opp gjennom åra har vi hatt meir enn hundre slike, sjølvsagt med varierande resultat. Frå dei store suksessane som Evoy med sine no meir enn 50 tilsette og Bue (tidlegare Bulandet Miljøfisk), til dei som prøvde å fly men aldri letta.

Dei bedriftene som er i Aksello sin inkubator får merksemd også i media. Eit par døme frå denne månaden er Retrams frå Florø og Brim Farm frå Hyllestad.

Førstnemnde har jo tidlegare vore på Dagsrevyen med sin revolusjonære scanner og robot, som skal hjelpe sjukehus verda over til å effektivisere drifta og auke pasient-tryggleiken og samtidig spare miljøet.

Denne gongen er det Bergensavisen (BA) som har Retrams og Stein-Asle Øvrebotn på framsida.

Brim Farm er eit relativt nytt medlem av inkubatoren vår. Gründerane Karsten Sævik og Øyvind Høie er røynde bedriftsleiarar innanfor det maritime og marine, og har no trua på sitt nye konsept for lukka fiskeoppdrett. «Betre og billegare enn noko anna», seier dei.

Finansavisen fekk interesse for dette, og lagde ein fin artikkel for eit par veker sidan. Den kan du lese her.

Felles for desse to bedriftene, og for dei fleste andre gründerar, er at dei ynskjer å vokse, både nasjonalt og internasjonalt, og då er det trong for meir pengar. Så om du har, eller kjenner noko som har, interesse og midlar til å vere med på ei slik ferd dei nærmaste åra, så ta kontakt med Aksello ved arne@aksello.no

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet