Skip to content Skip to footer
Aksello inkubator

Skap din eigen arbeidsplass

Inkubatoren hjelper deg vidare i ditt prosjekt – kontakt oss for eit uforpliktande møte

    For deg som vil vekse raskt

    Vi gir deg alt du treng for å realisere din idé

    I inkubatoren får lokale gründerar og etablerte bedrifter tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus.

    Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.

    I ein inkubator får grundere tilgang på profesjonelle forretningsutviklere, rågjevarar og investorer. Inkubatoren er også eit fagleg og sosialt fellesskap som gir idear rom til å vekse.

    Målet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.

    Dette får du som inkubatorbedrift hos Aksello
    • Eit sosialt og fagleg gründer- og utviklingsmiljø
    • Rådgjeving, kunnskap og erfaring innan forretningsutvikling
    • Moderne kontorfasilitetar med tilgang til trådlaust nettverk, skrivar, kopimaskin, skanner, møterom og kjøkken
    • Seminar, workshop og kurs
    • Eit nettverk av gode samarbeidspartnerar og mentorer
    • Hjelp til å kontakte investeringsmiljøa
    • Kopling mot relevant næringsliv, samt relevante forskings- og utviklingsmiljø
    • Rettleiing innan immaterielt rettsvern (patent, varemerke, mønstervern osv.)
    Har du ein inkubatoridé?

    Skyt fart på idéen din, og bli med oss inn i ei spennande framtid.   

    Har du spørsmål? Ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken på e-post vanja@aksello.no eller telefon 415 70 306.

    Dette ser vi etter

    Oppstartsbedrifter eller prosjekt som:

    • Har ein unik idé
    • Har stort vekstpotensial
    • Har behov for å vere i ein inkubator

    Søkjaren må:

    • Ha ambisjonar på vegne av bedrifta/prosjektet
    • Vise vilje og evne til utvikling av bedrifta/prosjektet
    • Ha ei open haldning til tett samarbeid med inkubator og rådgjevarar
    • Vere villig til å dele av sin kunnskap og sitt nettverk med andre bedrifter/prosjekt i inkubatoren
    01. Unike Idéar
    02. Vekstpotensial
    03. Behov for å vere i ein inkubator
    Go to Top

    Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet