Skip to content Skip to footer

Gabriel og FjordAlg i god driv

Inkubatorbedrifta FjordAlg si satsing skal gjere det rosa i laksen grønt. Oppdrettslaksen blir i dag tilsett det kjemisk framstilte fargestoffet astaxantin for å få den rosa fargen. Produksjonen har eit høgt CO2 avtrykk, enten frå petroleum eller gjennom fermentering langt frå Norge. FjordAlg vil produsere naturlege algar som skal erstatte astaxantin gjennom ein meir miljøvennleg og kostnadseffektiv produksjon ved hjelp av fornybar vasskraft.

2020 har vore eit veldig spanande år for FjordAlg. I fyrste kvartal inngjekk dei intensjonsavtale med ein internasjonal fôrprodusent. I mai fekk selskapet 8 millionar i tilskot frå Innovasjon Norge, samt gjennomførte ein emisjon og sikra finansiering som tilrettela for å etablere eit pilotanlegg i Sitep AS sine lokale i Øvre Årdal. 

Norsk Katapult

Norsk KatapultI  sommar har selskapet gjennomført utviklingsaktivtetar med fokus på automatisering og datafangst, som vil legge eit godt grunnlag for det videre arbeidet. Her har FjordAlg nytta seg av ordninga Norsk katapult. Norsk katapult består av fleire nasjonale senter som tilbyr fasiliteter, utstyr, kompetanse og nettverk innan produksjonsteknologi. Katapult-sentrene gjer det enklare for innovative bedrifter å utvikle prototypar, teste, simulere og visualisere, slik at idear utviklast raskare, betre og med mindre risiko. FjordAlg nytta katapultsenteret Manufacturing Technology Norwegian Catapult Centre (MTNC) der Sitep AS er ein node. Som deltakar i inkubator fekk FjordAlg innvilga offentleg støtte til gjennomføring av aktivitetane.

«Norsk katapult er ei god ordning for å raskt komme framover, og vi er godt fornøgde med Sitep”, seier Gabriel Ossenkamp

I oktober nådde selskapet ein ny viktig milepæl gjennom å styrke teamet med ein heiltidsansatt og ein deltidsansatt. Javier Giraldo er ansatt i ein 100% stilling og har ein Dr-grad i innandørs algedyrking og kjem frå Spania. Tor-Erik Holt Paulsen, som var ein av to NTNU-studentar som var innleigd i utviklingsprosjektet i sommar, er ansatt på deltid. Tor-Erik Holt Paulsen går siste året på NTNU for å bli sivilingeniør i industriell kjemi og bioteknologi.

Skapar arbeidsplassar

For å lykkast er eit vekstselskap avhengig av gode samarbeidspartar, eigarar og nettverk. Gjennom deltaking i Aksello sin inkubator har FjordAlg fått tilgang til rådgjeving, nettverk og finansiering. Det sterke utviklingsmiljøet i Årdal, med Sitep AS og Årdal Utvikling har vore sentrale i å tilrettelegge for produksjon i Årdal. I tillegg har Årdal vidaregåande skule samt andre lokale bidragsytarar vore essensielle i fasa rundt pilotering. Sammen med et engasjert styre som tilfører sine kontakter oppstrøms og nedstrøms i verdikjeden er selskapet nå inne i en spennende fase med mye utvikling og problemløsing.

På sikt ynskjer FjordAlg å bygge ein fabrikk på 2000 kvadratmeter i Årdal og vil tilrettelegge for nye grøne og framtidsretta arbeidsplassar. Plassering av produksjon i Årdal er eit strategisk val mht vasskraft og prosessindustrimiljøet, seier Gabriel. FjordAlg håper å kunne knytte produksjonsprosessen sin tett mot denne typen industri for å utnytte resurser derfra mest mulig, til dømes utnyttelse av spillvarme og CO2. 

Det er veldig kjekt å fylgje utviklinga til FjordAlg. Gabriel, med si erfaring og kompetanse frå grunderreisa, er ein viktig og aktiv bidragsyter inn i miljøet rundt inkubatorbedriftene hos Aksello. Vi ser fram til fortsetjinga, seier Vanja Viken inkubatorleiar.

Aksello har plass til nye, innovative verksemder som ynskjer hjelp til etablering og vekst. Vil du vite meir om dette, så ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken.

Les meir om Norsk katapult – https://norskkatapult.no/

Støtte og samarbeid med Innovasjon Norge: Lenke til sak hos Innovasjon Norge

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet