Skip to content Skip to footer

Frukostsamling fredag 8. juni – Vestlandsindeksen og Global Fish si satsing i Gunhildvågen

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Aksello ønsker velkommen til vår månadlege Frukostsamling den 8. juni (OBS! Ikkje torsdag som vi pleier, men fredag denne gongen).

Sparebanken Vest sin kvartalsvise Vestlandsindeks skal denne gongen presenterast i Florø. I samarbeid med Flora Industri og Næringsforening vil banken gje eit innblikk i korleis dei globale indikatorane som påverkar vårt eige næringsliv utviklar seg, og korleis den økonomiske utviklinga i fylket eigentleg har sett ut.

Vidare kjem Global Fish for å orientere om planar og status for utbygginga av «Pelagia-anlegget» i Gunhildvågen, ei stor investering med mange arbeidsplassar involvert.

 

Programmet ser difor slik ut:

07.30     Dørene opnar og frukost vert servert

08.00     Velkommen ved Aksello og regiondirektør i Sparebanken Vest, Arild Sandvoll

08.05     Ei forteljing om økonomisk utvikling i annleis-fylket Sogn og Fjordane, ved professor ved institutt for samfunnsøkonomi Ola Honningdal Grytten, Norges Handelshøyskole

08.30     Vestlandsindeksen, ved konserndirektør bedriftsmarknad Ragnhild Fresvik, Sparebanken Vest

08.55     Global Fish si utbygging i Gunhildvågen, ved adm. dir. Geir Robin Hoddevik

09.15     Avslutning ved leiar Gustav Johan Nydal i Flora Industri og Næringsforening

09.25     Ordet fritt

09.30     Slutt

 

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Innovasjon Norge vil som vanleg være til stades heile dagen, denne gong representert ved finansieringsrådgjevar Sigrid Alice Hovland. Om du ynskjer eit separat møte med ho, så gje melding til arne@aksello.no.

VELKOMMEN!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet