Skip to content Skip to footer
fjordbase-aksello-vestland-fylkeskommune

Etablerte bedrifter

Aksello har verktøya til å identifisere, vidareutvikle og kommersialisere gode idear til nye vekstbedrifter og gje ny vekst i etablerte næringsliv. Vi utviklar stadig våre tilbod for å kunne bistå eksisterande næringsliv med dei rette strategiske vala innan omstilling, utvikling og forretningsmessige innovasjonar.

Det er eit stort potensiale for etablerte bedrifter i å utvikle morgondagens berekraftige verdiskaping i vår region, og Aksello ynskjer å tilgjengeleg gjere dei rette virkemidlane, rådgjevarane og samarbeidspartane for å lukkast med dette arbeidet. Ta kontakt for å høyre korleis vi kan bistå di bedrift i utvikling og omstillingsarbeid.

Lokaler

Aksello held til i Peak Florø, og kan tilby moderne kontorfasilitetar og møterom. Vi har også eigne tilrettelagte og freshe kontorplassar for gründerar og bedrifter som deltek i inkubatorprogrammet vårt. Velkomen til eit innovativt og aktivt gründermiljø med mykje erfaring og kompetanse.

Rådgjeving

Hos oss får gründerar og bedrifter tilgang til profesjonelle forretningsutviklarar, rådgjevarar og investorar for at du skal få den rette kompetansen og rådgjevinga til din forretningside.

Aksello rådgiver
inkubator-gründer-aksello-peak-florø

Nettverk

Aksello kan tilby selskapa eit nettverk av gode samarbeidspartnerar og mentorer, kopling mot relevant næringsliv og forskings- og utviklingsmiljø, samt investormiljø. Deltaking i eit sosialt og fagleg fagleg gründer- og utviklingsmiljø.

Finansiering

Aksello bidreg med rådgjeving knytt til finansiering og kapitalinnhenting. Gjennom deltaking i våre prosjekt eller program får ein tilgang til tenester som er delfinansiert. Gjennom vår rådgjeving hjelper vi deg til å finne rett finansiering til din fase av forretningsutviklinga. VI har eit breidtt nettverk innan verkemiddelapparatet, bankar, finansieringsinstitusjonar, investorar og kapitalmiljø.

Inkubator

I inkubatoren får gründerar og etablerte bedrifter i regionen tilgang til eit sosialt og fagleg miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus. Målgruppa til inkubatoren er nyskapande gründerar og bedrifter med vekstpotensiale.

Målet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.

Kontakt inkubatorleiar Vanja Viken om du vil vite meir om våre tilbod.

Vanja Viken

Vanja Viken

Senior forretningsutviklar

Vekstprogrammet Grøn Vekst

I vårt Vekstprogram får etablert næringsliv individuell strategisk analyse og rådgjeving med fokus på berekraftig utvikling. Programmet går under namnet Grøn Vekst og er utvikla i samarbeid med PwC., og er støtta av mellom andre Vestland fylkeskommune og Sogn og Fjordane Sparebankstiftinga.

Ta kontakt med oss for å få svar på om Grøn Vekst kan gje di bedrift moglegheiter i nye marknader, sjå utvikling av ny teknologi, internasjonalisere, og utvikle nye forretningsmessige innovasjonar.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet