Grøn Vekst-programmet
Grøn Vekst er namnet på vekstprogrammet Aksello tilbyr bedrifter som ynskjer å utvikle seg til å bli meir berekraftige og verdiskapande bedrifter i vår region.
Gjennom deltaking får leiinga i selskapa individuell rådgjeving der strategisk analyse av selskapet og dedikert arbeid med å sjå nye moglegheiter for berekraftig verdiskapande utvikling står i fokus. Grøn Vekst-programmet tek føre seg etablerte bedrifter innan næringar som har stort potensiale om å omstille seg til verdiskaping innan grøne verdikjedar. Kompetanse, forsking og innovasjon er viktig for å sikre omstillingsevne og moglegheiter for å skape ny vekst.
Programmet er ein hybrid løysning mellom både fysiske samlingar, digitale felles samlingar og 1:1 digitale samlingar.
I vårt Grøn Vekst-program får etablert næringsliv individuell strategisk analyse og rådgjeving med fokus på berekraftig utvikling.
Grøn vekst-programmet hausten 2024
I det kommande programmet vil me fokusera spesielt på berekraft som konkurransefortrinn for leverandørar til offentlege anskaffingar og privat næringsliv og dessutan korleis ein kan skapa gode rammevilkår for vekst.
Grøn Vekst kan vere verktøyet for at di bedrift finn moglegheiter i nye marknader, startar utvikling av ny teknologi, satsar på å internasjonalisere, eller utviklar nye forretningsmessige innovasjonar.
Har du tid til å vente med å komme i gang med strategisk tenking og utvikling av di bedrift si berekraftige verdiskaping i framtida?
Ta kontakt med oss for å få svar på om Grøn Vekst kan gje di bedrift moglegheiter i nye marknader, sjå utvikling av ny teknologi, internasjonalisere, og utvikle nye forretningsmessige innovasjonar.
Frode Nybø
Nyhende om Grøn Vekst
I ei tid der berekraft blir stadig viktigare for både offentlege og private aktørar, har Grøn Vekst-programmet hjelpt fleire lokalbedrifter å tilpasse seg nye krav. «Dette er første gong vi…
Aksello har i vinter gjennomført eit nytt Grøn Vekst-program. Programmet har fokus på omstilling til det grøne skiftet, og seks bedrifter var med denne gangen. Det kom i stand i…
Det var godt oppmøte frå dei deltakande bedriftene som no nærmar seg sluttfasen av vekstprogrammet. Bedriftene fekk presentasjonar frå mellom anna Klimapartner Vestland, ved Truls-Einar Johnsen. Han fortalte om den…
Med støtte frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga har vi satt i gang prosjekt Grøn Vekst. Dette er eit vekstprogram for etablerte bedrifter med Trond Økland som prosjektleiar. – Vestland fylkeskommune har…