Veke 34 var det klart for Aqua-Nor messe i Trondheim. Aqua-Nor er ein arena som samlar det meste som kan krype og gå innan havbruksnæringa, og er ein ypparleg arena for å treffe nye og gamle kontaktar. Samstundes er det ein arena som tilbyr fagleg påfyll om næringa og den nyaste forskinga på dette området. Dette var Aqua Nor messa sitt 40 års jubileum og var no større enn nokon sinne med ein ny hall på 4500 kvm.

Tirsdag heldt fiskeridirektøren, Liv Holmefjord, Opningstalen. Ho trakk fram korleis utviklinga innan teknologi og berekraft vil være ein stor del av oppdrettsnæringa framover. Fiskeriminister Harald Tom Nesvik, opna Aqua-Nor messa kor og Kronprinsen var tilstades. Tilstades var og inkubatorbedrifta til Aksello, Evoy, som var og viste fram El-båten Evoy 1. Samt fleire representantar frå næringa lokalt. Det blei presentert en rekke presentasjonar som viste kor kreativ, berekraftig og nyskapande næringa i regionen er.

Dei store talane trakk fram den utviklinga som har vore innan havbruk, med tanke på berekraft og den enorme teknologiske utviklinga som har skjedd på leverandørsida dei siste årene. Dei hadde og eit søkelys på korleis havbruk er en viktig arena for å nå FN sine berekraftmål.

Det har vore spennande å møte så mange ulike aktørar innan havbruk. Aqua Nor har gitt Aksello en arena for å framsnakke næringa i regionen til nasjonale og internasjonale partnerar. Samstundes har det gitt ein moglegheit for mykje fagleg påfyll og inspirasjon for det vidare arbeidet med Havbruksprosjektet, som er et samarbeidsprosjekt for næringa i regionen Sogn og Fjordane, og er no godt i gang med å konkretisere ulike aktivitetar for vidare arbeid.

Vi gjentar suksessen frå i fjor og inviterer til ein innhaldsrik kapitaldag på Sunnfjord Hotell i Førde 17. september. Tema for dagen er innovasjon, kapital og vekst i næringslivet!

Denne dagen møtast spennande investormiljø på vestlandet, etablert næringsliv og oppstartselskap som søkjer kunnskap om eller finansiering av sine idear og prosjekter.

Sjekk ut program og påmelding her: Kapitaldagen i Sogn og Fjordane 2019

Har di bedrift for kapital til vidare vekst og kan vere ei interessant investering for ein investor? Det er plass til at utvalde bedrifter kan få pitche for investorane under arrangementet. Dette melder du din interesse for i påmeldingslenka.

Frist for å melde seg på pitch er 01.09.19.

Arrangørar er Innovasjon Norge Vestland, Sogn og Fjordane Næringsråd, NHO Vestland, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Aksello.

«Ny vekst i næringane på kysten og spanande moglegheiter i eit breiare kystsamarbeid»

Dette svarar den nye styreformannen i Aksello på spørsmålet om næringsutvikling og kva rolle han trur Aksello vil ha dei neste åra.

Lars Hellandsjø vart valt som Aksello sin nye styreformann ved Generalforsamling 6. juni i år.

Lars er oppvoksen i Fjærland, busett i Gulen, gift og har tre born.

Som både eigar og dagleg leiar av Skipavika Næringspark AS i Gulen, har han det for tida travelt med oppbygging og drift av aktiviteten der. I Skipavika, lokalisert i Mongstad hamnebasseng, vert det lagt til rette for service på oljeinstallasjonar og landligge for dei installasjonane som ventar på nye oppdrag. Nokre kjenner kanskje Lars att for si tid som president i Redningsselskapet der han leia selskapet i 8 år. «Før dreiv eg med sikkerheit på sjøen, no driv eg med sikkerheit i hamn og på land», seier han med eit smil. Om du kjem på Aksello si frukostsamling 6. september får du treffe Lars og høyre meir om kva han driv med.

Aksello ser fram til å samarbeide med Lars og ser det som svært interessant at han tek med seg erfaringar i frå heilt sør i fylket. «Vi har vår merksemd på kysten og dei kystrelaterte næringane, det å knyte kontaktar og få styrka nettverket på kysten i sør er veldig viktig for oss», seier Lone Bareksten i Aksello.

Ny i styret til Aksello er også Stig Førde som til dagleg sit som viseadministrerande direktør i Fjord Base AS.

Desse sit no i styret til Aksello:

Lars Hellandsjø, Mikael Johansen, Stig Førde, Solveig Willis, Ragnar Waalen, Ola Teigen og Hilde Indresøvde.

Frukostsamling torsdag 5. september – Stor aktivitet rundt Gjøa-feltet, møt Westcon Florø sin nye sjef, Aksello sin nye styreleiar kjem også

Aksello inviterer til ny Frukostsamling torsdag den 5. september. Frukost blir servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00. Vi kan by på følgande program:

  • Westcon Yards Florø – Ny sjef og nye moglegheiter, v/verftsdirektør Trygve Solaas
  • Stor aktivitet rundt Gjøa-feltet, v/basesjef Oddvar Aarberg
  • Presentasjon av Aksello sin nye styreleiar og kva han driv med til dagleg: Skipavika, v/Lars Hellandsjø
  • Anna nytt frå Aksello v/dagleg leiar Lone Bareksten
  • Ordet Fritt

Innovasjon Norge vil være til stades på Frukostsamlinga med Rune Henjesand. Han vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med han, så send ei melding til arne@aksello.no.

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Endeleg betre båttilbod mellom Florø og Måløy

Frå måndag 19. august vil båtrutetilbodet mellom Florø og Måløy bli styrka ved at to nye avgangar startar opp i vekedagane. Frå Florø kan du no måndag til fredag reise til Måløy kl. 08.30 med ankomst kl. 10.00 og frå Måløy reise til Florø kl. 10.20 med ankomst kl. 11.50. Dette er ei etterlengta styrking av tilbodet som vi er glade for å ha fått på plass.

Klikk på biletet for å sjå større versjon.

båtruter kinn - florø - måløy