FLO MARINE AS: To av gründerane i FLO. F.v Gunnar Stavøstrand og Ola Sveen.
Foto: Dieter Arno Schneider
Etter at petroleumsnæringa gjekk inn i rolegare farvatn har dei marine næringane blitt eit viktig satsingsområde for nyskaping og næringsutvikling. Det er ikkje utan grunn at den blå åkeren har blitt kalla for den nye olja, og at der er optimisme å finne merker vi også her hos oss i Aksello. Både gjennom førstelinjetenesta og inkubatoren vår kjem mange nye idear og prosjekt som rører seg i havrommet.
Dette viser vi gjennom artikkelserien: “Havrommet”. Den tek mellom anna for seg spennande startups i inkubatorprogrammet vårt, interessante tema som forsking og utvikling innan akvakultur, og sentrale spørsmål som “Kva skjer med Pelagia-anlegget?”.
Startup nummer to i serien er FLO Marine AS som ynskjer å løyse mange av dei utfordringane som oppdrettsnæringa står ovanfor.
FLO Marine AS
FLO Marine AS er blant bedriftene i inkubatoren vår som ser på korleis vi kan finne betre måtar å drive oppdrett på. Gründerane i bedrifta er Gunnar Stavøstrand, Ola Sveen og Ole Svanøy, som alle har lang erfaring frå havbruk, selskapsetablering og produktutvikling.
Dei tre gründerane starta FLO Marine AS i 2012, og har vore med i inkubatoren sidan 2013. Dei har patent på eit lukka oppdrettsanlegg som vil løyse mange av utfordringane til oppdrettsnæringa, mellom anna sjukdom, lus, rømming og avfallshandtering. Anlegget deira gjer det også mogleg å ta i bruk gode lokalitetar som ikkje kan nyttast i dag på grunn av avfallsproblematikk, og dette vil føre til mindre konflikt om areal.
God synergieffekt i samarbeid
Dagleg leiar Gunnar Stavøstrand, beskriv anlegget som revolusjonerande og trur at det vil vekke stor interesse i Norge.
– Særleg i område der det i dag er konflikt i næringa og mellom ulike interesser som til dømes med vill laks og lakseførande vassdrag. Innan enkelte terskelfjordar er det også forventa sterke avgrensingar på produksjon og avfall, noko som anlegget vårt vil kunne handtere, understrekar han.
FLO ser for seg ein god synergieffekt i samarbeid med andre produksjonsbedrifter om levering og utvikling av ny teknologi for eit slikt anlegg. I samarbeid med Steinvik Fiskefarm har dei søkt om utviklingskonsesjon for utprøving av anlegget i full skala i Flora. Tildelingsprosessen er no inne i ein avgjerande fase, og bedrifta håper på ei tildeling i løpet av 2017.
Prosjektering og bygging av anlegget vil ta til så snart dei har fått løyve, og om alt går etter planen håpar dei at anlegget vil vere i produksjon i 2018.
Les også: