Aksello Frukostsamling torsdag 1. september – Svanøy Havbruk rik på historie og framtidsmoglegheiter, SFE ny eigar og Atle Isaksen ny styremedlem i Aksello, rykande fersk video frå Grøn Hub Fjord Base, og Forskingsrådet har nye tilbod
Aksello inviterer til haustens første frukostsamling torsdag 1. september. Samlinga vert som vanleg i våre lokale i Peak Florø. Vi startar med frukost kl. 07.30 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.
Vi har denne gongen følgande program:
- SFE ny eigar og Atle Isaksen ny styremedlem i Aksello v/Atle Isaksen, Linja AS
- Svanøy Havbruk – Rik historie og spennande framtid v/Solveig Willis
- NORA og nye tilbod frå Forskningsrådet: Pilot Helse og Pilot Transport, v/ Merete Lunde
- Rykande fersk video frå den Grøne Hub’en Fjord Base frå Innovasjonsuka OPP
- Ordet Fritt
Merete Lunde frå Forskingsrådet vil ikkje berre delta i Frukostsamlinga; ho blir òg værande utover dagen for møter med bedrifter. Ønsker du eit møte med henne, så send e-post til arne@aksello.no
Frå Innovasjon Norge kjem Inger Merete Øygard. Ho blir òg med både i frukostmøtet og tek bedrifts-møter i etterkant. Inger er bransjeansvarleg for reiseliv i Innovasjon Norge Vestland, men kan også ta møter om andre tema. Vil du nytte høvet til å møte henne, så send ein e-post til arne@aksello.no
Vi skal sørge for god strømming av frukostmøtet, så du er velkommen til å delta på den måten om du ikkje kan fysisk. Uansett er det fint om du melder deg på (sjå nedanfor).
VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!
Meld deg på HER