Aksello Frukostsamling torsdag 5. mai – Passion for Ocean-festival i Florø 2022, Hydrogenknutepunkt på Fjord Base, Horisont Europa, FoU – møte Havbruksnæringa, lusebekjempelse, og to nye inkubatorbedrifter.
Aksello inviterer til ny frukostsamling torsdag den 5. mai. Samlinga vert som vanleg i våre lokale i Peak Florø. Vi startar med frukost kl. 07.30, og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.
Vi har denne gongen følgande program, der det bør være noko for ein kvar smak:
- 08.00: Aksello ønsker velkommen
- 08.03: Passion for Ocean-festival i Florø 2022 v/ Thea Båtevik – Fjordane friluftsråd – Digital deltaking
- 08.10: Ny inkubatorbedrift: – Brim Farm v/ Karsten Sævik – Digital deltaking
- 08.15: Ny inkubatorbedrift: – Helse Først v/ Helene Vedvik
- 08.20: Hydrogenknutepunkt på Fjord Base – HyFuel v/Vegard Lavik
- 08.30: FoU – møte Havbruksnæringa, lusebekjempelse –Aksello v/Lone Bareksten
- 08.45: EU innovasjon og forskingsprogram -Horisont Europa V/ Ida Tidemann-Andersen ved Vestlandsforsking
- 08.55: Ordet Fritt
Sigrid Alice Hovland og Anja Alme Gardli frå Innovasjon Norge vil være til stades og også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med dei, så send ei melding til andrea@aksello.no
Ida Tidemann-Andersen frå EU-nettverket Horisont Vestland vil også være i Frukostsamlinga, og blir værande utover dagen for møter med bedrifter. Ønsker du eit møte med henne, så send ein e-post til andrea@aksello.no
Vi skal sørge for god streaming av frukostmøtet, så du er velkommen til å delta på den måten om du ikkje kan fysisk. Uansett er det fint om du melder deg på (sjå nedanfor).
VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!