Skip to content Skip to footer

Studiesenter Kysten 

Prosjekt «Studiesenter Kysten» er ein samarbeidsprosjekt mellom Kommunane Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger, der Prosjektet har som hovudmål å etablere eit desentralisert studiesenter på Kysten med StudentHUBar i samarbeidskommunane. Samarbeidskommunane sendte søknaden til HK-dir 14. april 2023 om midlar til å etablere Studiesenter Kysten. Torsdag 01.06.2023 kom svaret og vi har gleden av å dele at den søknaden ble positivt innstilt. 

Kva er eit studiesenter?

Studiesenter definerast som ei fysisk eining som er ein møteplass utanfor utdanningsinstitusjonane sine eigne studiestader, og som legg til rette for utdanning og kompetanseutvikling i samsvar med behovet til dei enkelte individa, privat næringsliv og offentleg verksemd i ein region.

Studiesenter Kysten skal vere desentralisert og vil ha fysiske læringsfasilitetar i kvar kommune. Nærleik og eigarskap til kompetanseheving lokalt er vitalt for Studiesenter Kysten sin suksess. Desse læringsfasilitetane kallar vi utdanningshubar.

Formålet med Studiesenter

Å legge til rette for meir fleksibel og desentralisert høgare utdanning – tilpassa folk, kommunar og det lokale arbeidslivet sine behov.
Studiesenter Kysten skal jobbe for at utdanningstilbud blir tilgjengelig uavhengig av livssituasjon og individuelle behov samt å sikre at verksemder og innbyggarar har høve å delta i utdanning.

Hovudformålet til studiesenteret er å initiere, koordinere og administrere utdanningar for kommunane som har redusert tilgang til utdanning. Arbeidslivet skal få tilgang til relevant kompetanse som fremmer deira produksjon.

Kva er utdanningshub ?

Studiesenter Kysten vil ha fysiske læringsfasilitetar. Desse læringsarenaene kallar vi utdanningshubar. Vi ønsker å etablere sju utdanningshubar. Ein i kvar kommune og to i Kinn, ein i Måløy og ein i Florø. Studiesenter Kysten skal ha fem fasilitatorar som skal arbeide med kompetanseutvikling og som har ansvar for læringsaktiviteten i ein eller fleire utdanningshubar. Fasilitatoren skal arbeid saman det lokale arbeidslivet for å utvikle kompetanse på kort og lang sikt.

Fasilitatoren har også som oppgåve å skape eit godt studentmiljø i tettstaden/distriktet. Studentane kan få tilbod om å knytte kontakt med bedriftene i lokalmiljøet, vere med på næringsarrangement og delta på sosiale aktivitetar for studentane eller saman med bedriftene. Utdanningshubane skal vere kostnadsfrie for studentane.

Studiesenter Kysten hadde ikkje vert mogleg utan

System for booking av kontorplasser og møtelokaler er nå tilgjengelig.  Vi har også 24/7 inngangskort (begrenset antall) for de som har behov for det. For å få tilgang til dessa…

Studiesenter Kysten Prosjekt «Studiesenter Kysten» er eit samarbeidsprosjekt mellom Kommunane Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger, der prosjektet har som hovudmål å etablere eit desentralisert studiesenter på Kysten med…

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet