Det siste halvåret har gitt betydelege endringar i rammevilkåra for Aksello, og selskapet må dessverre møte utfordringane med å ta nokre store strategiske grep framover, mellom anna redusere tal tilsette.
Dei siste åra har ein vore særs optimistisk i høve auka satsing på næringsutvikling og tydelege signal gjennom regionsreformarbeid om at dei nye regionane ville få tilført fleire og viktige næringsutviklingsoppgåver lokalt. Aksello har på bakgrunn av desse signala rekruttert utmerka kompetanse til selskapet for å vere klar til å levere på dei førespegla tenestene. Det som syner seg no er at dei betalte oppgåvene dreg ut i tid. Covid-19 situasjonen har i tillegg gjort at behova endrar seg og at dette får raskare konsekvensar for den langsiktige drifta i selskapet. Aksello må no ta grep for å sikre dei viktige tenestene vi er sett til å levere til næringslivet.
Aksello reduserer derfor med ei fast stilling og ei prosjektstilling. Valet er gjort utifrå ansiennitetsprinsippet, dette gjer at vi sit att med fire fast tilsette i selskapet.
Dette er veldig synd og spesielt vanskeleg for oss i den tida vi no står oppe i. Vi skulle gjerne hatt endå fleire ressursar på plass til å dekke auka behov frå næringslivet grunna omstilling i høve Covid-19-situasjonen.
Aksello vil framleis vere den innovative næringsutviklaren og inkubatoren på kysten i nordre Vestland.
Når det skjer så store endringar rundt oss, må og Aksello vere på ballen. Vi må raskt gjennomføre endringar som gjer selskapet aktuelle for oppgåvene regionalt næringsliv etterspør. Vi arbeider kontinuerleg for å sikre at Aksello tar dei rette grepa for å vere mest mogleg aktuell for næringslivets behov, og som sikrar dei rette virkemidlane for verdiskaping i vår region.
Aksello leverer i dag gode tenester på forretningsutvikling og sikrar at gründerar og etablert næringsliv får tilgang på nettverk, finansiering og rådgjeving for å lukkast. Dette skal vi fortsette med likt med at vi forbetrar oss. Aksello skal levere dei beste tenestene innan næringsutvikling og innovasjonsarbeid som næringslivet i vår region har behov for.