Skip to content Skip to footer

Storslått gåve til FloraU40 frå Sparebanken Sogn og Fjordane

Prosjektet FloraU40 byrja med eit fantastisk engasjement og oppmøte på workshopen 9. mai i forbindelse med å finne ut om dette var naudsynt å i gangsette. Det at så mange som nesten 70 personar deltok på workshopen var eit tydeleg signal på at dette nettverket er naudsynt. 

Vegen vidare

Vår tidlegare praksisstudent, Alexandria Følsvik, som har bidratt til å i gangsette prosjektet, skal vere med oss vidare for å ta prosjektet vidare i sommar, og dette er vi veldig glade for! 

“For å halde liv i nettverket som skal bidra til trivsel og tilflytting til Florø og omland er vi avhengig av støtte frå næringslivet. Som sponsor for FloraU40 bidrar de til å styrke og utvikle samfunnet vi høyrer til. De synleggjer at de ser verdien i å fremme trivsel og bulyst samt hindre utanforskap i Florø og omland. Bli med på FloraU40!” – I dét vi hadde sagt dette om FloraU40 for forsamlinga i Aksello sitt Frukostmøte sist torsdag, kjem Jo Dale Pedersen opp med ei svær gåve; 100.000 kroner til FloraU40! Dette var ei veldig fin overrasking som vi verdsett. Sparebanken Sogn og Fjordane stiller også med representantar i FloraU40 si ressursgruppe. 

“Sparebanken Sogn og Fjordane ønsker å vere ein drivkraft i Sogn og Fjordane. Vi registrerar at det er eit stort engasjement og vi ønsker å forsterke dette gjennom å støtte opp også finansielt.” seier Jo Dale Pedersen, banksjef bedriftsmarknad Sparebanken Sogn og Fjordane.

“Vi treng ikkje alltid å sitte og vente på at ein søknad skal kome. Engasjementet vi ser her ønskar vi å støtte. Vi har eit stort hjarte for Sogn og Fjordane og då ønsker vi å vere med på det som er viktig og naudsynt for vidare utviklinga av samfunnet vårt.” avsluttar Pedersen.

Denne gåva er ei fantastisk føresetnad for vidare utvikling av nettverket, og vi er særs takksame for denne. Tusen takk! 

Dersom området er attraktivt å bu i, og flytte til, vil dette gagne bedriftene. Nettverket er derfor med på indirekte rektuttering, og det er positivt for bedriftene å synleggjere seg i den samanheng med nettverket som også styrkar bedrifta si merkevare. Bli med på reisa til FloraU40!

Er du i målgruppa og lurar på kva som skjer framover? Klikk HER for å registrere deg og få oppdateringar undervegs.

Ta kontakt

Ønsker di bedrift å bidra? Vi held på å utarbeide ulike sponsoravtalar. Ta gjerne kontakt om de ønsker å bidra! 

Alexandria Napil Følsvik

alexandria@aksello.no

94790309

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet