Representantar frå havbruksnæringa frå heile fylket var 4. desember samla ved Quality Hotel Florø for å delta på den første Havbrukskonferansen, arrangert av prosjektgruppa Havbruk og prosjektleiar Linn Nekkøy.
Etter å ha blitt servert sushi med laks og andre lokale råvarer vart deltakarane ynskja velkomen av Kinn-ordførar Ola Teigen. Ordføraren beretta om det politiske arbeidet som vert lagt ned for satsing på havbruk i Flora, Kinn og kystregionen. Flora kommune har blant anna bidratt med støtte til Aksello sitt havbruksprosjekt.
Denne konferansen var ein viktig milepæl for prosjektet, kor det blei presentert eit etterlengta samarbeidsprosjekt for heile verdikjeda innan havbruk, med fokus på miljø, berekraft og rekruttering. Denne samlinga var lagt opp til at næringa kunne ta del i, og utforme vegen vidare for det spennande Havbruksprosjektet.
Dei spennande foredraga tok blant anna for seg ein presentasjon av ei verdiskapingsanalyse utarbeida av Høgskulen på Vestlandet. Denne var bestilt av prosjektet og kom med tal som synleggjorde kor viktig næringa er for distrikta og lokalsamfunna i Sogn og Fjordane. Vidare fekk ein høyre inspirerande foredrag frå blant anna Cargill, Mowi, Sulefisk og Bellona, om kva dei gjer for eit berekraftig havbruk. Trond Teigene, Direktør i sparebanken Sogn og Fjordane avslutta med å sette fokuset over på rekruttering.
«Den viktigaste ressursen er folka som skal fylle jobbane» seier Trond.
Til dømes har banken sjølv tilsett eigne ansvarlege for klima og berekraft. Deira satsingsvilje er viktig med tanke på rekruttering og korleis dei kommuniserer ut mot sine målgrupper. Han meiner at vi kan bli betre på å synleggjere utad dei spennande næringane vi har i fylket vårt.
Desse spennande foredragshaldarane danna ein flott bakgrunn for presentasjonen av prosjektet administrert av Aksello. Hovudprosjektet har fått navnet «BLÅ HORISONT 2030», sidan det legg FN sine berekraftsmål til grunn. Sidan havbruksnæringa er den mest berekraftige næringa når det kjem til produksjon av animalsk protein, har ein store moglegheiter til å bidra når de kjem til desse globale utfordingane.
Store norske havbruksaktørar tronar på Colin Fairr indexen, som er eit verktøy som skal gje investorar betre informasjon om den finansielle risikoen som manglande hensyn til miljø og berekraft medfører. «Her i regionen er ein så heldig at vi har ei havbruksnæring som er både initiativrike og tidleg ute med å nytte nye grøne løysingar. I ei tid der handlekraft tel, er Havbruksnæringa i Sogn og Fjordane dyktige, handlekraftige og iniativrike. Men, desse får ikkje synleggjort arbeidet sitt på same måte som dei store aktørane som kan rekke opp på ein slik index», seier Linn Nekkøy.
[av_slideshow size=’entry_with_sidebar’ animation=’slide’ conditional_play=” autoplay=’false’ interval=’5′ control_layout=’av-control-default’ av_uid=’av-i2z35b’]
[av_slide id=’7451′ av_uid=’av-f8zbi7′][/av_slide]
[av_slide id=’7450′ av_uid=’av-e4pk5b’][/av_slide]
[av_slide id=’7449′ av_uid=’av-cfo77j’][/av_slide]
[av_slide id=’7448′ av_uid=’av-beeogf’][/av_slide]
[av_slide id=’7447′ av_uid=’av-9enimn’][/av_slide]
[av_slide id=’7446′ av_uid=’av-81soq7′][/av_slide]
[av_slide id=’7445′ av_uid=’av-6bzgpb’][/av_slide]
[av_slide id=’7444′ av_uid=’av-3up33z’][/av_slide]
[av_slide id=’7443′ av_uid=’av-2z8bsf’][/av_slide]
[/av_slideshow]
BLÅ HORISONT 2030 er eit prosjekt der målet er å samle næringa innan konkrete områder, samt synleggjere det innovative og grøne arbeidet havbruksnæringa i regionen gjer. For å nå dei utvalde berekraftsmåla til FN, er det satt fokus på nokre konkrete områder som elektrifisering, digitalisering, sertifisering, resirkulering og rekruttering. Desse er valde fordi dette er områder som kan implementerast på tvers av verdikjeda, som kan vere med på å påverke FN sine berekraftsmål, og som ikkje minst gir moglegheiter for samarbeid og målbare målsettingar. Prosjektet skal støtte opp om bedriftene sine miljøtiltak og vise at vi er ein attraktiv region med høg kompetanse innan berekraftig havbruk. Konkret kan ressursar i prosjektet fungere som bedrifta si “berekraftsavdeling”, då det kan være utfordrande for bedriftene å sjølv sette av kapasitet til dette. Her er og brei synleggjering av resultat utad eit viktig område som prosjektet skal sørge for.
«Næringa gjer mykje viktig arbeid allereie, men med eit slikt prosjekt og gjennom samarbeid kan vi få til mykje meir, som igjen kan skape fleire arbeidsplassar», seier ei tydeleg engasjert Elin Tveit Sveen, dagleg leiar i Marø Havbruk og eit av deltakarane i prosjektgruppa.
Ved å stå saman for felles måloppnåing – ei grønare blå næring, vil vi få ei meir synleg, meir tydeleg, og ikkje minst ei grønare næring og region. Resultatet av dette felles arbeidet, formidla via dei rette kanalane, vil skape ei sterk røyst som kan og vil påverke den næringspolitiske utviklinga i distriktet – som igjen vil vere positivt for aktørane. Ved å samarbeide kan ein hauste fleire felles godar, seier Nekkøy, «og kanskje aller viktigast – oppnå grøn vekst, grøne arbeidsplassar og grøn sone».
For meir informasjon om prosjektet, ta kontakt med prosjektleiar Linn Nekkøy.