Skip to content Skip to footer

Nytt Grøn Vekst-program startar over sommaren

Aksello og Vestland fylkeskommune inviterer etablerte verksemder til å delta på haustens Grøn Vekst-program. 

Målet er å implementere berekraft som ein positiv drivar i strategi- og utviklingsarbeidet.

Dette m.a. for å møte krava til innkjøp frå offentleg sektor og som ein moglegheit for utvikling av nye produkt eller tenester.

Ein vil i programmet få innsikt i eit praktisk rammeverk som kan nyttast i eiga verksemd.

Grøn Vekst består av 3 felles fysiske samlingar på 6 timer samt 1:1 digitale eller fysiske individuelle møter med rådgjevar. 

Det er lagt til grunn eigeninnsats mellom samlingane der verksemda vil ha tilgang på 4 timar med individuell rådgjeving mellom kvar samling.

Vi reknar med å ha ei gruppe på 8-10 bedrifter i programmet denne gongen.

Første samling er i starten på september, og siste vil være ca. to månader seinare.

Påmeldingsfrist 25. august. Meir detaljer om programmet kjem rett over sommarferien.

Ta gjerne kontakt med oss i Aksello allereie no for å melde di interesse. Vil du sjå kva andre har fått ut av programmet i tidlegare runder? Les meir her.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet