Skip to content Skip to footer

Aksello søker forretningsutviklar

Vil du arbeide i eit innovativt og spennande utviklingsmiljø?

Har du lyst til å hjelpe våre gründerar med å skape framtidas arbeidsplassar?

Er du vår nye forretningsutviklar?

Våre gründerar er svært kompetente innan sine forretningsområde og bransjar, men vi treng di hjelp for å sikre deira suksess!

 

Kven er vi? 

Aksello AS er eit innovasjonsselskap med hovudmerksemd på å skape og sikre arbeidsplassar på kysten av Sogn og Fjordane. Vi ynskjer no å styrke teamet vårt med ein dyktig og initiativrik forretningsutviklar i vår inkubator.

Aksello har vore inkubator gjennom Siva sitt inkubatorprogram frå 2010 og har avtale fram til 2022. Vi har p.t 20 verksemder i inkubasjon.

 

Arbeidsoppgåver:

Bistå nystarta verksemder og etablert næringsliv med strukturering og utvikling av forretningsidear gjennom ein systematisk prosess. Dette inkluderer strategisk arbeid, teambygging, forretningsmodellering, IPR-aspekt, investorklargjering, avtaleverk, teknologisk forståing og forhandlingskompetanse.

Vere rettleiar, gje tilbakemeldingar og følge opp inkubasjonsprosessen med kvart enkelt selskap.

Kunne sjå kva behov inkubatorverksemda har og dekke desse saman med kompetanse og nettverk tilgjengeleg internt og eksternt.

Samarbeide, rapportere og sikre «best practise» saman med Aksello sitt øvrige team og strategiske samarbeidspartnarar.

 

Kven er du?

Vi søker ein person som:

• Har høgare relevant utdanning (gjerne innan entreprenørskap, økonomi eller IT)
• Gjerne har erfaring med leiing av verksemder
• Har erfaring frå forretningsutvikling
• Er resultatorientert og jobbar systematisk og godt – både sjølvstendig og saman med andre
• Kan kombinere strategiske evner med operativ tilnærming
• Har kjennskap til verkemiddelapparatet og relevante kapitalmiljø.

Vi ser etter nokon som har sterk kommersiell forståing og evne til å skape tillit og gode relasjonar. Ein person som trivast med å forholde seg til ulike roller og mennesketypar og som er systematisk og har stor gjennomføringskraft.

 

Vi kan tilby:

• Innovativt miljø
• Konkurransedyktige vilkår, inkl. fleksitid og gode pensjonsvilkår
• Stor kontaktflate mot næringslivet, offentlege styresmakter og andre
• Moderne kontorlokaler i Florø sentrum

 

Stilling: Fast, heiltid
Kontorstad: Florø

Ynskje om snarleg tilsetjing.

 

For meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar Lone Bareksten på telefon 47262635.

Send Søknad og CV til lone@aksello.no innan 18. november.

 

Andre ledige stillingar hos Aksello:

Aksello søkjer prosjektleiar innan havbruk
Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet