Denne månaden gav vi tommel opp til fullt kurs i sosiale media! Takk til Linda Kragseth frå Keyteq som raust delte sine tips og triks med oss og takk til alle som kom! På kurset gjekk vi mellom anna gjennom korleis ein skil seg ut i den tettpakka nyheitsstraumen og kva algoritmar som påverkar synlegheita vår, og vi fekk ei innføring i annonsering, måling og analyse.
Kurset var arrangert av Driftig i Sogn og Fjordane og tilrettelagt av Aksello.
Driftig lovar fleire kurs i 2019, så følg med her: https://www.driftig.no/kurs