Skip to content Skip to footer

Framtidas kompetanse: Frå seminar til nettverk for berekraftig rekruttering

Framtidas kompetanse: Frå seminar til nettverk for berekraftig rekruttering

Dato: 22. mai 2025
Tid: 10:00–13:30
Stad: Florø Kulturhus

Framtidas arbeidsliv startar her!

Torsdag 22. mai samlar vi næringsliv, offentleg sektor, utdanning og samfunnsengasjerte til ei viktig og framtidsretta samling i Florø Kulturhus. Under tittelen Framtidas kompetanse – Frå seminar til nettverk for berekraftig rekruttering tek vi eit felles steg mot nye løysingar for rekruttering og kompetanseutvikling i regionen.

Dette er ikkje berre eit seminar, men starten på eit fellesskap. I møte med demografiske endringar, tilspissa konkurranse om kompetanse og eit arbeidsliv i rask endring, treng vi nye tilnærmingar – og vi treng å finne dei saman. Difor står Kinn kommune, Aksello, Flora Industri- og Næringsforeining, Måløy Vekst og Hub for Ocean saman om dette initiativet.

Vi veit at mange bedrifter opplever vekst og nye moglegheiter, men samtidig krev dette nytenking om korleis vi rekrutterer og utviklar kompetanse. Samlinga er eit direkte svar på behov og innspel frå næringslivet i regionen.

Programmet byr på engasjerande innlegg og praktiske døme frå ulike sektorar:

  • Kva betyr befolkningsendringane for framtidas arbeidskraft?
  • Kven er eigentleg framtidas arbeidstakar?
  • Måløy Vekst utfordrar oss med formelen Suksess = Begeistring² / Ubehag
  • Kva rolle spelar trivsel og tilhøyrsle? Erfaringar frå U40-satsinga
  • Framtidsfylket, SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Evoy, Kinn kommune og Fjord1 deler erfaringar frå verksemdene sine
  • Cargill fortel om si reise frå å vere ein lite kjend aktør til populær lærebedrift
  • Fjord Base og Fagskulen Vestland viser korleis tett samarbeid gir framtidsretta kompetanse

Nettverk for berekraftig rekruttering

Dette er for alle som brenn for rekruttering, kompetanse og ei berekraftig utvikling av arbeidslivet i vår region. Dette er ikkje berre eit seminar – det er starten på eit fellesskap. Eit nettverk for dei som vil samarbeide, lære av kvarandre og finne løysingar på framtidas utfordringar.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet