Studiesenter Kysten
Prosjekt «Studiesenter Kysten» er eit samarbeidsprosjekt mellom Kommunane Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger, der prosjektet har som hovudmål å etablere eit desentralisert studiesenter på Kysten med utdanningshubar i samarbeidskommunane.
Studiesenteret Kysten har sendt tre søknader om midlar. Vi er heldige og takksame for at Sparebanken Sogn og Fjordane ved Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har innvilga den første søknaden.
Den andre søknaden blei avgjort av direktorat for høgare utdanning og kompetanse. Svaret kom i dag, torsdag 01.06.2023. Vi har glede av å dele at søknaden blei positivt innstilt.
Vi er så glad for at både Sparebanken Sogn og Fjordane ved Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og direktorat for høgare utdanning og kompetanse har innvilga søknader som utgjer den største delen av finansiering av prosjekt, samstudent er vi glade for at Vestland fylkeskommune har gitt sin fulle støtte gjennom heile prosessen og ser fram til deira vurdering av den tredje og siste søknaden.
Kva er eit studiesenter?
Studiesenter definerast som ei fysisk eining som er ein møteplass utanfor utdanningsinstitusjonane sine eigne studiestader, og som legg til rette for utdanning og kompetanseutvikling i samsvar med behovet til dei enkelte individa, privat næringsliv og offentleg verksemd i ein region.
Studiesenter Kysten skal vere desentralisert og vil ha fysiske læringsfasilitetar i kvar kommune. Nærleik og eigarskap til kompetanseheving lokalt er vitalt for Studiesenter Kysten sin suksess. Desse læringsfasilitetane kallar vi utdanningshubar.
Formålet med Studiesenter
Å legge til rette for meir fleksibel og desentralisert høgare utdanning – tilpassa folk, kommunar og det lokale arbeidslivet sine behov.
Studiesenter Kysten skal jobbe for at utdanningstilbod blir tilgjengeleg uavhengig av livssituasjon og individuelle behov samt å sikre at verksemder og innbyggarar har høve å delta i utdanning.
Hovudformålet til studiesenteret er å initiere, koordinere og administrere utdanningar for kommunane som har redusert tilgang til utdanning. Arbeidslivet skal få tilgang til relevant kompetanse som fremmer deira produksjon.
Kva er utdanningshub?
Studiesenter Kysten vil ha fysiske læringsfasilitetar. Desse læringsarenaene kallar vi utdanningshubar. Vi ønsker å etablere sju utdanningshubar. Ein i kvar kommune og to i Kinn, ein i Måløy og ein i Florø. Studiesenter Kysten skal ha fem fasilitatorar som skal arbeide med kompetanseutvikling og som har ansvar for læringsaktiviteten i ein eller fleire utdanningshubar. Fasilitatoren skal arbeid saman det lokale arbeidslivet for å utvikle kompetanse på kort og lang sikt.
Fasilitatoren har også som oppgåve å skape eit godt studentmiljø i tettstaden/distriktet. Studentane kan få tilbod om å knytte kontakt med bedriftene i lokalmiljøet, vere med på næringsarrangement og delta på sosiale aktivitetar for studentane eller saman med bedriftene. Utdanningshubane skal vere kostnadsfrie for studentane.
Studiesenter Kysten takker:
Utan Vestland fylkeskommune si støtte hadde det ikkje vert mogleg for Studiesenter Kysten å søke midlar hos direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Vi takker Vestland fylkeskommune for deira fulle støtte og vi vil samarbeide med avdeling for næring, plan og innovasjon om gjennomføring av studiesenter Kysten.
Prosjektgruppe
Aksello og Måløy Vekst gjekk saman for å finne gode løysningar iht desentralisert utdanning. Gjennom dette arbeidet blei det identifisert eit større behov og samarbeid moglegheiter, dette for å sikre god geografisk spreiing for eit desentraliserte utdanningstilbod med fysiske samlingar.
Det førte til eit samarbeid mellom kommunane: Høyanger, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Kinn og Solund, som la grunnlaget for at Aksello kunne ta rolla som prosjekteigar for studiesenter Kysten med Reidar Grønli som prosjektleiar.
Aksello ser fram til eit tett og godt samarbeid med prosjektleiar, samarbeidskommunane, næringsselskapa og fasilitatorane i hub’ane.