Brenn du for innovasjon og næringsutvikling?
Aksello er eit næringsutviklingsselskap og inkubator med nedslagsfelt på kysten både nord-, sør- og austover i frå Florø.
Vår visjon er å skape og sikre arbeidsplassar i vår region.
Gjennom vekst og omstillingsprogram støtter vi næringslivet med rådgjeving og finansiering til å gjere dei rette vala for å skape framtidige berekraftige arbeidsplassar.
Gjennom inkubatoren vår hjelper vi dei nye gründerane og knoppskytingane frå eksisterande næringsliv med å lykkast innan innovasjon, nyskaping, testing, kapitalinnhenting og realisering av nye berekraftige løysingar.
For å lukkast med dette og levere dei beste tenestene til gründerar og næringslivet treng vi fleire dyktige forretningsutviklarar og rådgjevarar med engasjement for innovasjon og nye idear.
Vi er i første omgang ute etter to faste medarbeidarar innan rådgjeving. I tillegg har vi lukkast med fleire gode prosjektsøknadar som gjer at vi også treng å knytte til oss flinke prosjektleiarar både på fulltid og deltid.
For å levere gode tenester til alle dei spanande gründerane og det omstillingsdyktige næringslivet vårt som står for utviklinga av dei nye berekraftige arbeidsplassane i vår region, må vi sikre at vi til ei kvar tid har rette kompetansen å bistå og rådgje denne utviklinga. Vi er derfor kontinuerleg på utkikk etter dyktige eksterne forretningsutviklarar og rådgjevarar, med kompetanse innan forskjellige bransjar som vi kan leige inn til våre inkubatorbedrifter. Er dette interessant for deg? Les meir om korleis du blir ekstern rådgjevar i Aksello her.
Aksello er programoperatør for inkubatorprogrammet til Siva. Det vil sei at vi mottek statlege virkemidlar som blir nytta direkte til å sikre rådgjeving og utviklingskostnader til dei gründerane og næringslivsaktørane som har gode nye idear. Det er avgjerande at vi kan sette inn rett kompetanse og kunnskap for å få fart på ideane og sikre at dei når sin marknad og skapar berekraftige verdiar og arbeidsplassar. Aksello er ein av 33 innovasjonsselskap som leiar inkubatorprogram i Norge, og på den måten deltek vi i eit fantastisk nasjonalt nettverk av gode idear og ny teknologi frå heile landet. I Vestland deltek Aksello i eit eige nettverk saman med alle inkubatorar og næringshagar som utgjer nettverket kalla INUNETT. Dette skapar faglege og kjekke møtestadar som bidreg til at vi som næringsutviklar og inkubator til ei kvar tid får auka vår kompetanse og lærer om nye metodar og får dele erfaringar knytt til arbeidet vårt. Elles har vi gode samarbeidsavtalar med viktige aktørar innan akademia, det offentlege og i næringslivet.
Aksello har i dag 9 eigarar frå både det offentlege og det private. Eigarane til Aksello spelar ei viktig rolle for at selskapet skal utvikle sitt nettverk og økosystem, samstundes som dei bidreg til å sikre langsiktigheit i programma og prosjekta til Aksello. Samarbeid er viktig, og for å sikre at eigarane våre har ein trygg og god arena for å diskutere og velje satsingar for framtidas berekraftige utvikling og verdiskaping arbeider styret i dag med å invitere inn nokre fleire eigarar til Aksello. Dette arbeidet skal vere ferdig i starten av 2022.
Alt ligg til rette for at Aksello verkeleg skal kunne bidra til å sikre og skape framtidas berekraftige arbeidsplassar, men vi treng fleire med på laget og ynskjer å komme i kontakt med deg som har eit stort engasjement innan forretningsutvikling og som brenn for innovasjon og næringsutvikling.
Som næringsutviklar og inkubator ynskjer vi å støtte gode initiativ til nye berekraftige løysingar og har også no tatt i bruk ei ny metode for rekruttering av rett arbeidskraft. Dette er eit virtuelt system som sjekkar ut om nettopp du treff på kriteria for å bli vår nye medarbeidar. Dette er eit enkelt svar-system som ivaretek dine personopplysningar og er konfidensiell med hensyn til din første kontakt med Aksello. Dagleg leiar mottek dine svar på spørsmåla i det virtuelle intervjuet og nyttar det til å velje ut kven som kan vere aktuell å gå vidare til eit neste fysiske møte. Dine opplysningar vil ikkje komme andre i hende.
Dette skal gjere det enklare for deg som vurderer å skifte jobb, og lettare for Aksello som arbeidsgjevar å få oversikt over aktuelle kandidatar til dei ledige stillingane.
Her kan du lese om våre ledige stillingar, samt starte søknadsprosessen.
Eg ser fram til å høyre frå deg!
Med venleg helsing
Lone Bareksten