I 2025 startar Høgskolen på Vestlandet opp ei ny fleksibel nett- og samlingsbasert ingeniørutdanning i elektroteknologi – spesielt mynta på dei som er i jobb.
Høgskulen på Vestlandet har i lengre tid hatt samtalar med næringslivet i regionen om etablering av ei ingeniørutdanning som kan svare på dei lokale behova for kompetanse innan elektrofag. HVL opprettar no ei ny fleksibel ingeniørutdanning i elektroteknologi, med oppstart frå hausten 2025. Studiet vert levert frå HVL sin campus i Førde.
– Den nett- og samlingsbaserte ingeniørutdanninga vil kunne ta opp studentar frå heile landet, men vi håpar at mange i regionen vår ser moglegheitene og søkjer, seier Øystein Stavø Høvig frå Høgskulen på Vestlandet.
Han har leia utviklinga av det nye studietilbodet og ser både at det er eit kompetansebehov som ikkje er dekt i bedriftene, og at det er behov for eit fleksibelt tilbod der studentane kan studere på deltid medan dei er i jobb.
Dagleg leiar Linn Theres Nekkøy i næringsselskapet Aksello i Florø stadfestar kompetansebehovet frå bedriftene i regionen.
-Ei av dei største utfordringane for næringslivet er å få tak i kvalifiserte ressursar, og vi veit at kampen om dei blir tøffare framover. Då er eit av alternativa, i tillegg til å tilsette, å utvikle kompetansen hos dei ein har internt. Med ei rivande utvikling innan elektrifisering, digitalisering, automatisering og grøn omstilling, veit vi at kompetansebehovet innan dette området berre vil auke i tida som kjem, seier Nekkøy.
Utdanning medan du er i jobb
I den fireårige ingeniørutdanninga blir det mogleg å spesialisere seg i automatisering med robotikk eller elkraftteknikk. Studentane kan bu heime og ta ingeniørstudiet i kombinasjon med jobb. Det pedagogiske opplegget er tilpassa dette, med nettbaserte læringsressursar og digitalt samarbeid.
I tillegg blir det kvart semester lagt opp til tre samlingar ved HVL sin campus i Førde. For dei som vil spesialisere seg på elkraft, blir samlingane i siste del av studiet ved campus Bergen. I tillegg kan studentane nytte seg av studiefasilitetane ved Studiesenter Kysten.
– Studiesenter Kysten har sju utdanningshubar i ulike kommunar langs kysten av Sogn og Fjordane. Gjennom Studiesenter Kysten har vi lagt til rette nettopp for denne typen studiar og studentar. Hensikta med utdanningshubane, som til dømes den vi har her i Florø på ByX-bygget, er at studentar som studerer desentralisert kan sitje her, følgje undervisninga og jobbe saman i grupper og med prosjektarbeid mellom samlingane, seier Nekkøy.
Frå Høgskulen si side er dei også opptekne av at studentane tidleg finn nokon å studere saman med mellom samlingane.
– All forsking peiker på at vi lærer betre saman med andre. For denne typen studiar, der ein ikkje treff medstudentane sine kvar dag på campus, har vi eit ekstra fokus på dette, seier Per Christian Engdal, assisterande instituttleiar ved campus Førde.
Han meiner at ein med tilbodet til Studiesenter Kysten og nærleiken ein har til campus i Førde no har eit godt tilbod til innbyggjarane i Florø og Bremanger som ønskjer seg ei etterspurd ingeniørutdanning.
Moglegheiter for næringslivet
Både Nekkøy, Høvig og Engdal håpar at det lokale næringslivet vil nytte seg av moglegheitene i den nett- og samlingsbaserte ingeniørutdanninga.
– Studietilbodet gjev næringslivet moglegheit til å vidareutdanne eigne tilsette medan dei er i jobb. For kandidatar som ikkje har generell studiekompetanse er det også mogleg å søkje opptak til dette studiet med relevant fagbrev, så her er det moglegheiter for vidareutdanning for mange, seier Engdal
Studentane vil dessutan kunne ha utplassering/praksisopphald og skrive bacheloroppgåve i og for bedrifta.
–Dette kan bedriftene bruke som ei gulrot for å trekkje til seg nye tilsette med teknologikompetanse, legg Engdal til.
Dagleg leiar Linn Theres Nekkøy håpar næringslivet og innbyggjarane i Florø og Bremanger nyttar sjansen til å bygge viktig teknologikompetanse lokalt.
– Ei slik utdanning er ikkje berre ei investering i eiga framtid, men også i utviklinga og veksten i lokalt næringsliv. Store deler av næringslivet i regionen skal vere i forkant av den teknologiske utviklinga, og då treng dei tilgang til naudsynt og riktig kompetanse. Det vil dei få ein ekstra moglegheit til å skaffe seg no, avsluttar Nekkøy.
Kontaktinformasjon:
Linn Theres Nekkøy
Dagleg leiar i Aksello AS
Tlf.: 958 20 063
E-post: linn@aksello.no
Øystein Stavø Høvig
Seniorrådgjevar – Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet
Tlf.: 909 24 936
E-post: oystein.stavo.hovig@hvl.no
Per Christian Engdal
Assisterande instituttleiar campus Førde ved Høgskulen på Vestlandet
Tlf.: 982 69 301
E-post: per.christian.engdal@hvl.no
