Første veka i juli står dei splitter nye kontora våre klare til innflytting, og dermed «byksar» Aksello-teamet frå 1. til 4. etasje.
Det gamle Sparebank-bygget, som i nokre år har heitt Peak og no heiter Byx, er i ferd med å bli fullstendig oppgradert, og framstår som særs moderne og naturlegvis med ein super-sentral lokalisering. I dette bygget legg ein opp til deling, samarbeid og eit inspirerande kontorfellesskap.
Aksello tilbyr forretningsutvikling til eksisterande næringsliv som ynskjer å utvikle og omstille si bedrift både lokalt og regionalt. Og vi tilbyr prosjektleiing for næringsutviklingsprosjekt i heile regionen.
Gjennom Siva sitt inkubatorprogram hjelper vi mellom 20-30 innovative, nystarta bedrifter kvart år til å utvikle nye arbeidsplassar og berekraftig verdiskaping i regionen vår.
I tillegg leverer vi næringsutviklingstenester lokalt for Kinn kommune og er første kontakten til dei som ynskjer å starte ny bedrift. Vi trur at det å vere ein del av eit kontorfellesskap som det Byx representer vil tilgjengeleggjere våre tenester til næringslivet betre.
Vi skal ha offisiell opning av de nye lokala i slutten av august, så følg med og kom innom når vi berre har fått på plass stoler og bord og kaffimaskina😊
I mellomtida håpar vi å høyre frå deg på telefon, e-post eller gjerne eit videomøte om du har ein forretningsidé eller tenkjer at vi kan hjelpe deg med utvikling av framtidas arbeidsplassar.