Fellessamlinga i årets vekstprogram gjekk av stabelen måndag ettermiddag. Det er ein spanande variasjon hos deltakarane når det gjeld bransje, størrelse og geografi i årets program, og dette gjer det desto meir interessant og samlast. Alle dei åtte deltakande bedriftene presenterte status per i dag og korleis dei opplever vekstprogrammet så langt. Sjølv om nokre av bedriftene allereie før deltaking i programmet er trygge på kva veg dei skal gå og kvar bedrifta deira skal vere om 5 år, tykkjer alle det er ein god øving å få testa eigne strategiar og målsetningar i høve analyse og diskusjonar i vekstprogrammet.
«Slik får vi korrigert vegen mot målet tidlegare» og «Vi løftar blikket ved å få diskutere med andre enn oss sjølve», var kommentarar frå deltakarane undervegs i samlinga.
Sidan dette er eit program som har vore gjennomført fleire gonger, presenterte Aksello og PwC ei oppsummering av bedriftene og kva som har kome ut av deltakingar i dei tidlegare programma.
Når bedriftene no nærmar seg slutten av deltaking i programmet er det viktig at bedriftene vert kjend med utviklingsmoglegheitene i verkemiddelapparatet vidare, og kva tilskotsordningar som kan vere aktuelle for SMB’ar med vekst- og utviklingsambisjonar. Aksello presenterte nokre tilskotsordningar som Aksello sitt eige Inkubatorprogram og dei nye Katapultsenterane i Norge, og elles litt om moglegheitene og vegen vidare etter programmets slutt. I tillegg hadde vi besøk av Sparebanken Sogn og Fjordane, som støtte spelar til Vekstprogrammet var det kjekt at deltakarane fekk ein introduksjon til deira satsing på utvikling av næringslivet i regionen.
Viktoria Hotell er ein av deltakarane i programmet i år og det var veldig hyggeleg å få halde fellessamlinga i dei heilt ferske, nyoppussa møteromma der. Det vart ein fin avslutning av samlinga med nettverksbygging og god tapas i hotellets restaurant.
Dette er deltakarane i årets program:
- Allbygg AS
- Brødrene Larsen AS
- Bistro to Kokker AS
- Helle Knivfabrikker AS
- Hydraulikk og Motor AS
- Kontorpunkt AS
- Norwell AS
- Viktoria Hotell AS
Er du interessert i å høyre meir om Vekstprogrammet, eller vil du sjå om Aksello på andre måtar kan bistå utvikling i di bedrift? Ta kontakt med oss!