Aksello er i gang igjen med nytt vekstprogram for etablert næringsliv. Vi har gjennomført vekstprogram i fleire periodar heilt tilbake til år 2004. Gjennom programma har vi analysert og bistått ca 60-70 dyktige bedrifter med vekststrategiar og hjelp til å løfte blikket i desse åra.

Aksello arbeider mykje med heilt nystarta bedrifter og gründerar i etableringsfasen, men like viktig er det å gje eit tilbod til dei etablerte bedriftene som har vilje og evne til vekst. Bedrifter som har nådd ei modningsfase der omsetningsgrafen begynner å flate ut, dei treng ofte ei analyse for å sjå kva
strategiske val ein skal ta for å sikre vidare berekraftig verdiskaping. Det er denne analysa vi fokuserer mest på i Vekstprogrammet.

No i haust kom det inn påmelding frå fleire interessante bedrifter innan fristen som var sett til 1. september. Vi enda opp med 8 bedrifter i frå fire av kystkommunane og det ser vi i Aksello på som godt dekkande i høve vårt nedslagsfeltet.

Dei deltakande bedriftene i denne omgang er:

  • Brødrene Larsen
  • Viktoria Hotell
  • Hydraulikk og Motor
  • Helle Knivfabrikker
  • Bistro to Kokker
  • Allbygg
  • Kontorpunkt
  • Norwell

Vi har gjennomført første møte med bedriftene og dette er veldig inspirerande og kjekt! Vi har som tidlegare med oss PwC i gjennomføringa og ser at vi saman har utvikla eit godt program som treff i høve bedriftene sitt behov.

Dei etablerte bedriftene rundt oss er så viktige at vi håpar no på at vi kan finne finansiering til å tilby vekstprogrammet som eit kontinuerleg tilbod til bedrifter. Vi jobbar for eit næringsliv som evnar å sjå moglegheitene og har vilje til å fortsette å skape berekraftige verdiar langs kysten vår.

Vil du ha meir informasjon om Vekstprogrammet vårt? Ta kontakt med oss i Aksello, kontakt informasjon finn du her.