[vc_row][vc_column][vc_column_text]Stadig fleire norske bedrifter får hjelp av Siva, melder Siva i ei pressemelding. Talet på nye bedrifter som vert tatt inn næringshagar og inkubatorar støtta av Siva har auka kraftig viser ferske tall for 2017.
Siva sitt inkubasjons- og næringshageprogram gir bedriftene tilgang til kunnskap, kompetanse og eit nasjonalt nettverk. 40 næringshagar og 35 inkubatorar over heile landet drifter programmet, og i Sogn og Fjordane er Aksello, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Gulen og Masfjorden Næringshage, Gulen og Masfjorden Utvikling, Sognefjorden Næringshage, Nordfjordeid Næringshage og Stryn Næringshage ein viktig del av dette nettverket. Sjå Siva-effekten i Sogn og Fjordane her.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=”2/3″][vc_column_text]
8,6 mrd. i verdiskaping
På landsbasis er 3.600 bedrifter knytt til Siva sine inkubatorar og næringshagar, noko som er ei auke på 11% frå 2016.
Bedriftene genererer 8,6 milliardar i verdiskaping kvart år. Analysane fortel også at bedrifter som er ein del av Siva sin innovasjonsinfrastruktur presterer betre enn andre.
I 2017 vart heile 949 nye bedrifter tatt opp i inkubasjonsprogrammet og 529 nye bedrifter i næringshageprogrammet.
– Siva sitt samfunnsoppdrag handlar om å utløyse næringsutvikling i bedrifter og regionale nærings- og kunnskapsmiljø i heile Norge. Vi er nøgde med at så mange bedrifter får hjelp av Siva sine inkubatorar og næringshagar, seier innovasjonsdirektør for Siva Kjerstin Spjøtvoll.
Les heile pressemeldinga frå Siva her [/vc_column_text][/vc_column][vc_column width=”1/3″][vc_single_image image=”5033″ img_size=”medium” add_caption=”yes” alignment=”center”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column css=”.vc_custom_1521659399877{margin-top: -30px !important;border-bottom-width: 12px !important;}”][vc_column_text]
Auka verdiskaping i fylket
– Tala frå Siva viser at det samla tilbodet som vi gir til gründerarar og etablert næringsliv har ein klar effekt, seier Vanja Viken, inkubatorleiar for Aksello.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=”1/2″ css=”.vc_custom_1521659207149{margin-top: -32px !important;}”][vc_column_text]I 2017 var 22 nyskapande bedrifter med i inkubatorprogrammet hos Aksello, og 8 av desse var nye bedriftsopptak. Gjennom inkubatorprogrammet får selskapa tilgang til eit innovativt miljø med støtte til prosjektleiing, forretningsutvikling, tilgang til nettverk, finansiering og andre verkemiddel.
– Vi opplev eit aukande behov for bistand både hos nye gründerar og etablerte bedrifter for utvikling av innovative produkt og tenester. For å møtte det veksande behovet inngjekk vi i fjor ei samarbeidsavtale med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane for sikre eit heilskapleg tilbod på inkubasjon i fylket. Dette styrkjer den samla kompetansen vår og det regionale innovasjonsmiljøet som skal løfte fram gründerar og nyskapande bedrifter for auka verdiskaping i fylket vårt, seier Viken.
Les meir om samarbeidet til Aksello og Kunnskapsparken her[/vc_column_text][/vc_column][vc_column width=”1/2″ css=”.vc_custom_1521659240593{margin-top: -15px !important;}”][vc_single_image image=”2240″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][/vc_column][/vc_row][vc_row css=”.vc_custom_1521625086213{margin-top: 6px !important;margin-right: 6px !important;margin-left: 6px !important;border-bottom-width: 6px !important;background-color: #59a5c1 !important;}”][vc_column][vc_column_text]
Kort om Siva
Siva fyller 50 år i 2018 og har gjennom alle sine år bygd opp ein nasjonal infrastruktur med internasjonalt etterspurt kompetanse.
I budsjettavtala for 2018 har Siva fått fornya tillit med 115 millionar i auka bevillingar. Desse skal mellom anna verte brukt til å styrke inkubasjons- og næringshageprogrammet.
Siva sitt Inkubasjonsprogram er retta mot oppstartsbedrifter i tidleg fase. Tenester som vert gitt er til dømes forretningsutvikling, kommersialisering og mentorering. Bedriftene får tilgang til relevante nettverk, finansiering og eit sterkt utviklingsmiljø. Siva har 35 inkubatorar i Norge som drifter programmet.
Næringshageprogrammet er retta mot meir etablerte bedrifter og har eit spesielt fokus på distrikta. Tenester som vert gitt er til dømes bedriftsrådgjeving, hjelp til utvikling av forretningsidéar og marknadsplanlegging. Det å kople bedriftene opp til relevante FoU-miljø, investeringsmiljø, samt offentleg verkemiddelapparat er også ein del av programmet. Siva har 40 næringshagar som drifter programmet
[av_button label=’Finn ut meir om Siva her’ link=’manually,http://www.siva.no’ link_target=” size=’small’ position=’center’ icon_select=’no’ icon=’ue800′ font=’entypo-fontello’ color=’theme-color’ custom_bg=’#444444′ custom_font=’#ffffff’ admin_preview_bg=” av_uid=’av-321nmx’]
[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]