Vestland fylkeskommune har vedtatt å inngå treårige samarbeidsavtalar med 11 næringshagar og inkubatorar i fylket. Aksello, med sin inkubator, er ein av dei.
– Vi har hatt eit slikt strategisk samarbeid med fylkeskommunen dei seinaste åra, og er svært glade for at det skal halde fram i tre nye år. Det seier konstituert dagleg leiar i Aksello, Arne Olsen.
Arne Olsen – Foto Aksello
–Vi skal hjelpe fylkeskommunen med å nå sine målsettingar i høve grøn omstilling i næringslivet, rett kompetanse og berekraftig verdiskaping. Dette er også Aksello sine målsettingar, så grunnlaget for samarbeidet kunne ikkje vore betre, seier Olsen.
– Samarbeidsavtalane med næringshagar og inkubatorar har som mål å utvikle ei meir robust støtte til nyskaping og næringsutvikling i heile fylket, seier Oddmund Klakegg, leiar for hovudutval for næring i fylkeskommunen.
Oddmund Klakegg- Foto: Roy Sunde
Eitt av områda som har spesiell interesse, er å mobilisere til meir forsking i næringslivet. Aksello gjennomfører difor, med støtte frå fylkeskommunen sitt FORREGION Vestland, ulike FoU-møte for næringslivet. I fjor gjorde vi eit på bioøkonomi og eit på ørret-oppdrett; i år planlegg vi mellom anna eitt innafor KI i maritim sektor i Måløy i slutten av mai.
Den nye samarbeidsavtalen varar i tre år, frå januar 2024 til desember 2026.
For ytterlegare informasjon om samarbeidsavtalen, ta kontakt med konstituert dagleg leiar i Aksello, Arne Olsen (telefon 97573599 eller e-post arne@aksello.no).