Det er framleis midlar igjen i potten til Kommunalt Næringsfond 2017. Dette er ein unik moglegheit til å få støtte til din idé, så om du har eit spennande prosjekt på gang vil vi gjerne høyre frå deg.
Kven kan søke?
Du kan søke som bedrift, organisasjon eller privatperson. Alle kan søke, men vi oppfordrar spesielt dei prioriterte gruppene unge, kvinner og innvandrar til å søke.
Kva kan eg få støtte til?
Midlar frå fondet kan nyttast til utvikling av ein ny idé eller prosjekt. Til dømes marknadsavklaring, produkt- eller konseptuvikling, investeringar, kompetanseheving eller andre kostnader knytt til oppstart eller utvikling. Det er eit viktig moment at støtta skal vere utløysande for prosjektet, altså føre til gjennomføring av prosjekt som elles ikkje har økonomiske musklar til å stå på eigne bein. Ein kan maksimalt få tilskot på 50 % av det totale kapitalbehovet. Ein kan ikkje få støtte til ordinære driftskostnader.
Lurer du på om fondet er aktuelt for deg?
Ta kontakt med sakshandsamar Heidi Felle hos Aksello på e-post heidi@aksello.no eller ring 482 22 791. Sjølve søknaden til Kommunalt Næringsfond sender du via nettsida www.regionalforvaltning.no. Vedtak om tildeling av midlar skjer i eit utval satt saman av rådmann, ordførar, varaordførar samt administrasjonen i Aksello AS.
[av_icon_box position=’left’ boxed=” icon=’ue81f’ font=’entypo-fontello’ title=’Kommunalt Næringsfond 2017′ link=” linktarget=” linkelement=” font_color=” custom_title=” custom_content=” color=” custom_bg=” custom_font=” custom_border=” av_uid=’av-2ko62d’]
Flora kommune mottar kvart år midlar frå Fylkeskommunen til Kommunalt Næringsfond. Dette er eit fond der formålet er å opprette og utvikle nye arbeidsplassar, samt styrke og vidareutvikle det eksisterande næringslivet i kommunen. I 2017 fekk Flora kommune ei tildeling på kr. 747.849.
[/av_icon_box]
Les også:
Desse fekk støtte frå Kommunalt Næringsfond 2016