Skip to content Skip to footer

Gründersamling 24. november

Aksello ynskjer igjen velkommen til gründersamling! 

Sett av torsdag 24.november kl.18.00-20.00 i kalenderen din, for då vert det endeleg gründersamling igjen, i våre lokalar i Peak bygget Florø.

Det kjem både nye og erfarne gründerar som vil dele si historie med deg, både i høve utfordringar og oppturar ved å drive eiga bedrift. Du får møte andre som er interessert i å starte eiga bedrift, allereie har gjort det eller berre er ute etter moglegheit for å utvide sitt nettverk. 

Program

18:00-19:00 Presentasjonar

  • Evoy v/ Leif Stavøstrand  fortel om si reise 
  • Kinn bryggeri v/ Espen Lothe skal fortelje om sin historie. Der vi vil få ein liten smaksprøve av suksessen til Kinn (det blir tilbode alkoholfri smaksprøve til de U18 samt de som ynsjer alkoholfritt)
  • Helse Først v/ Helene Vedvik vil fortelje om reisa så langt og ambisjonar for fremtida. 

19:00-20:00 Mingling 

Etter presentasjonane vil det bli lett servering og tid for mingling og prat.
Samlinga er gratis og open for alle som er påmeld på førhand.  

Ta med deg ditt beste humør og kom på gründersamling! 😊

Grunna ølsmaking må ein vere påmeld på førehand. Påmelding stenger 30 min før samlinga. 

Meld deg på HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet