Neste Frukostsamling vert ikkje som andre Frukostsamlingar: Den vert ikkje på den første torsdagen i månaden, men i staden på den første tirsdagen i mai. Og samlinga vert ikkje i Aksello sine lokaler, men derimot i banken. Sparebanken Sogn og Fjordane skal nemleg opne sine nye lokaler i Byporten i Florø den dagen, og har invitert Aksello til å halde Frukostsamlinga der. Det gler vi oss til.
Innhaldsmessig vil det som normalt verte mat og drikke frå kl. 07.30. Frå kl. 08.00 vert det tre presentasjonar:
- Westcon Yards Florø, v/Mikael Johansen: Westcon Florø – Status og moglegheiter
- Fjord Invest v/Roger Flølo: Investering i vekstbedrifter
- Flora kommune v/ordførar Ola Teigen: Moglegheitene i ein stor kommune på kysten, med særleg fokus på næringslivsutvikling
Deretter vert det ein meir formell opningsseremoni leda av banken sin adm. dir. Trond Teigene.
Så sørg for å gjere ferdig 1. mai-feiringa i tide og møt opp til ny arbeidsuke dagen derpå med matnyttig og sosialt samvær.
Fullbooka!
Vi gjer merksam på at plassomsyn gjer det nødvendig å halde talet deltakarar under 50. Påmeldinga var difor etter «først-til-mølla»-prinsippet og er ikkje lenger open då frukostsamlinga er fullbooka. Vi beklager dette! Om du ikkje fekk meldt deg på for denne gang, så håpar vi at du kjem på frukostsamlinga vår i juni.