Skip to content Skip to footer

Workshop: Sirkulære Kinn

Saman med Kinn kommune, Circular Norway og Vill Energi inviterer vi til digital workshop torsdag 18. november kl 9.00-12.00.

I september starta vi prosjektet Sirkulære Kinn, eit samarbeidsprosjekt mellom Vill Energi, Circular Norway, Kinn kommune og Aksello. Målet med prosjektet er å fremme overgangen til ein sirkulær økonomi gjennom utvikling av praktiske og skalerbare lokale strategiar i Kinn.

I den første fasen av Circle Scan-prosjektet samlar vi informasjon for å bygge ei grundig forståing av Kinn og aktivitetane her. Dette betyr at vi identifiserar relevante aktørar, deira roller og utfordringar, relevante retningslinjer og mål, og allereie eksisterande sirkulære initiativ i området.

Vi er glade for å invitere deg til den første workshopen i prosjektet, der vi skal presentere prosjektomfanget, resultata frå denne første fasen, og bygge ein felles visjon om prosessen vidare. Workshopen finn stad den 18. november kl. 9.00-12.00 digitalt på Zoom. Lenke sendast ut i forkant.

Agenda

Del 1 – Introduksjon til sirkulærøkonomi

Del 2 – Sirkulærøkonomi i Kinn

Del 3 – Vegen vidare

Meld deg på her. Dersom du er forhindra frå å delta sjølv, kan du i staden utnemne nokon andre i organisasjonen din.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet