Same veka som dei slo selskapet sitt Grønne Fingre konkurs bestemte Aud Norunn og Jan Tore Vig seg for å satse på nytt. No er dei tilbake igjen i idélaben til Aksello for å jobbe vidare med sitt nye selskap Kinn Hage og Trepleie.
– Vi er nok meir uredde no enn før. No er det viktigare for oss å overleve i jobben heller enn å vinne anboda uansett pris, fortel Aud Norunn.
Ho snakkar om dei store skilnadane ho opplever som gründer før og etter konkurs.
Når du har ditt eige selskap blir det jo som eit barn for deg. Du gløymer deg sjølv og har fullt fokus på at bedrifta skal overleve, men du må jo sjølv overleve for at bedrifta skal klare seg, slår ho fast.
Grønne Fingre
Det er åtte år sidan ho først kom inn dørene til Aksello for å få hjelp med det nyoppstarta selskapet hennar Grønne Fingre.
– Eg visste at eg ville drive for meg sjølv og starta utan å vite så mykje om korleis eg skulle drive mitt eige selskap. Eg var fagleg sterk i mitt eige felt, men trong hjelp i oppstarten. Det var godt å komme hit å kunne spørje om råd, minnast Aud Norunn som er utdanna gartnar, anleggsgartnar, aborist og hagedesigner.
Gjennom nettverket til Aksello deltok ho på Kvinnovasjon-programmet til Siva for kvinnelege entreprenørar.
– Der fekk eg hjelp med å leggje ein strategi for selskapet. Kurset hadde også veldig fokus på kor viktig det var å vekse, noko vi også gjorde, men problemet var at vi vaks altfor fort.
Rask vekst og stort fall
På få år bevega selskapet seg vekk frå den private marknaden med fleire større oppdrag innanfor den offentlige marknaden. På det meste hadde selskapet 11 tilsette og ei omsetting på 6,8 millioner kroner i 2016. I 2017 snudde kurva grunna hard konkurranse på den offentlege marknaden.
– Vi klarte ikkje konkurrere mot utanlandske aktørar som pressa prisane så lågt at vi tapte mot dei på dei fleste av anboda, forklarer Jan Tore.
Endringane krevde at dei måtte omstille seg, noko dei hadde klart ein gong før. Dei begynte mellom anna å ta oppdrag i nabofylket, Hordaland, for å overleve. Ei stund såg den negative utviklinga ut til å snu, men utfordringa blei for stor.
– Vi var nære ved å ro det i hamn, men klarte ikkje omstille oss raskt nok til å komme oss inn igjen i den private marknaden. Når høgsesongen for 2017 var over såg vi at vi ikkje hadde økonomisk kapasitet til å klare oss gjennom vinteren og lavsesongen, utdjupar han.
– Det sat langt inne å legge ned selskapet, men når vi såg på den harde fakta hadde vi ikkje noko anna val, legg Aud Norunn til.
I oktober slo dei selskapet konkurs, men det tok ikkje lange tida før dei bestemte seg for å prøve på nytt. Det var mellom anna ein ny avtale og støtte frå nokon som hadde trua på dei som gav dei motivasjonen til å prøve igjen.
Ny start
– Vi innsåg at sjølv om det var for seint for Grønne Fingre å komme tilbake igjen på den private marknaden, så såg vi ein moglegheit for eit nytt selskap, fortel Aud Norunn.
I staden for å gje opp på første forsøk bestemte dei seg for å plukke opp igjen trådane og telefonrøret for å fortelje tidlegare kundar om at dei var i gang igjen.
Mange visste at Grønne Fingre var slått konkurs, men ikkje at vi hadde starta på nytt med nytt selskap. Så det var viktig for oss å opprette kontakt med kundane våre igjen. Mange av dei var utruleg glade for å høyre at vi var i gong igjen då dei har gode erfaringar frå arbeidet vi har gjort for dei, fortel ekteparet.
Dette gjorde til at dei kunne vidareføre noko av oppdraga dei har hatt som Grønne Fingre over til Kinn Hage og Trepleie, mellom anna for Statens Naturoppsyn og vernområde i Ålfoten. I tillegg held dei på med eit større prosjekt for Eid kommune. Tenestane dei tilbyr er mykje det same som før, men dei vil no ha ein god balanse mellom den private og den offentlege marknaden.
– Vi kan hjelpe til med både private hage og utemiljø, samt offentlege parkmiljø. Vi vil også fortsette å bruke den spesialkompetansen som vi har på trepleie og leikeanlegg, seier Aud Norunn.
Bedrifta har tre tilsette og tek oppdrag i heile Sogn og Fjordane og deler av Hordaland, men dei har ingen planar om å vekse seg store med det første.
Liten og lykkeleg
– Mykje av det viktige arbeidet som vi no har framfor oss, vil vi gjere her hos Aksello. Her vil vi legge nye strategier og mellom anna få hjelp til å lage eit arbeidsreglement. Vi har lært på den harde måten at dette er det viktig å ha med seg frå starten av, sjølv om ein er få. Då vi stod midt i omstillinga, hadde eg ingen verktøy eg kunne bruke for å ta dei vanskelege avgjerda, så no tek vi med oss all lærdommen vidare, seier Aud Norunn.
Det som er viktig for oss no er å ta lærdom av den tøffe tida. No skal vi vere liten og lykkelig til vi har bygd opp nok kapital og ein solid nok grunnstamme til å vekse vidare på, avsluttar Jan Tore med eit smil.
Interessert i meir gründernytt frå Aksello?
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta siste nytt frå oss direkte i din innboks.