Skip to content Skip to footer

Sommarhelsing fra Aksello

Sommarferien står for døra, og vi i Aksello nyttar dette Nyheitsbrevet til å informere om nokre av aktivitetane vi jobbar med for tida. Vi håpar du finn det interessant.

Om du ynskjer meir info om eit tema, eller ynskjer hjelp til ein forretningsidé eller eit prosjekt, så ta kontakt med oss.

Og ikkje minst: Om du bur utanfor Florø-området for tida og synes næringslivet her verkar interessant, så ta kontakt for å diskutere dei mange spanande stillingane som ventar på nettopp din kompetanse.

sommarhelsing
Ingunn og Andrea på studietur i London

Det vert litt ferie på oss også i sommar, men det vil stort sett være folk tilgjengeleg. Tek du kontakt på post@aksello.no vil vi kontakte deg innan kort tid.
 
Vi ynskjer deg god lesing og ein strålande sommar!
Helsing frå konstitutert dagleg leiar Arne Olsen og resten av Akselloteamet.

Nytt frå Aksello

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet