Skip to content Skip to footer

Sirkulære innovasjonar er framtida!

Vil du vere med i prosjektet Sirkulære Kinn?

Målet med prosjektet er å gjere Kinn til ein meir berekraftig og sirkulær kommune gjennom å hjelpe bedrifter til å finne sine smarte og innovative måtar for sirkulærøkonomi. Som døme er Kinn kommune allereie i dialog med to lokale bedrifter på sirkulære innovasjonar i næringslivet: Kinn Bryggeri og Nor Blikk. 

Kinn bryggeri sender brukt mask til landbruksaktørar i kommunen sparar dei for hundretusentals kroner i avfallskostnadar i året. Bønder kan nytte mask til dyrefôr og på denne måten erstatte delar av kraftfôr- og silofôrbehovet. Bøndene Rogen Madsen og Odd-Bjarte Løkkebø stadfestar at både kyr og kalvar er særs glad i bryggemask. Espen Lothe, gründar og eigar av Kinn bryggeri, meinar at det er avgjerande å implementere og nytte seg av sirkulære innovasjonar om ein skal følgje berekraftig utvikling i næringslivet.

Nor Blikk ser på sirkulære løysingar for metall: Målet med prosjektet er å redusere materialsvinn med 30 %, og dei jobbar med trefelt for å nå dette målet. Dei redusere feilproduksjon og avkapp, gjenbruk av avkapp, og ved å demontere, remontere og gjenbruke metall frå kledning og ventilasjonssystem. I Florø har NorBlikk eit prosjekt der dei leverer avkapp til skular som nyttar det i metallsløyd. Jan Henrik Nygård i NorBlikk håpar marknaden blir meir moden for endå meir ombruk og peikar på at metallprisane, til liks med trelast, har stige med 30 % det siste året. 

Kinn kommune har no altså fått prosjektfinansiering for å finne bedrifter i kommunen som allereie er i gang med sirkulære initiativ, eller som kan ha potensiale til å utvikle sirkulære innovasjonar saman med andre bedrifter. 

Med seg på laget har Kinn kommune Aksello, Circular Norway og Vill Energi. Dei to sistnemde har leia tilsvarande prosjekt i andre kommunar med stor suksess. 

Kinn kommune inviterer til digital Workshop 18. november. Her vil næringslivet få meir informasjon om prosjektet og lære meir om korleis ein kan nytte seg av sirkulære innovasjonar i eiga bedrift. Håpar å sjå deg der. Invitasjon og påmelding vert sendt ut snart, men om du er interessert og vil melde deg på, ta kontakt med lone@aksello.no eller kajastandal.moen@kinn.kommune.no.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet