Energisenteret Florø
Gjennom Aksello sitt eigarmøte i oktober 2021 kom det fram at det var eit stort behov for oversikt over kraftsituasjonen i dag og i framtida, basert på noverande og framtidige energibehov i næringslivet. Erfaringa som ein sat att med etter arbeidet som vart utført av Aksello gjennom Batterifabrikk prospektet i 2021 synte at vår region og Kinn kommune sat med store komparative fortrinn som ville kunne tiltrekke seg etableringar innan utvikling, produksjon og bruk av fornybar kraft.
No ville eigarane i Aksello at vi saman arbeidde med kartlegginga og planlegginga, slik at myndigheiter og næringsliv saman kunne realisere framtidige fornybare moglegheiter for kraftintensive næringsetableringar i vår region. Resultatet vart Energisenter Florø prosjektet der Fjordbase, FIN, SFE og Westcon jobbar saman med Kinn kommune for å komme fram til ein plan for utvikling, produksjon og bruk av fornybar kraft. Aksello samarbeider tett med Menon i dette arbeidet.
Prosjektet treff godt i høve Vestland Fylkeskommune sin Grøn Region Vestlandsporteføljen og i tillegg til å ha ein representant med i prosjektgruppa er og prosjektet delvis finansiert gjennom Vestland fylkeskommune sitt handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling. I prosjektet skal også komme fram til konkrete prosjektforslag, som både skal hjelpe eksisterande næringsliv til å lukkast med «grøne initiativ» og trekke til seg nye etableringar. Døme på dette kan vere tilgang på kraft, areal, reguleringar og ikkje minst sørge for tilgang til kompetanse og finansiering.