Skip to content Skip to footer

Nytt om namn i Aksello

I generalforsamlinga i byrjinga av juni vart det nokre endringar i styret i Aksello. Tidlegare ordførar i Kinn, Ola Teigen, gjekk ut av styret medan den noverande, Bengt Solheim-Olsen, kom inn. Bengt kjenner Aksello godt frå tidlegare periode som styremedlem.

240619 bengt

Bengt Solheim-Olsen

Vegard Saur frå Siva blei skifta ut med Ulf Hustad frå same organisasjon. Ulf kjenner også Aksello frå tidlegare.

240619 Ulf Hustad

Ulf Hustad

Dei øvrige styremedlemma, Mikael Johansen (leiar), Katrine Dale (nestleiar), Marita Jarstad, Silje Sunde og Atle Isaksen, held alle fram.

240619 Magnus

Magnus Aftret

Frå august får Aksello ein ny trainee. Magnus Aftret kjem frå Trøndelag og skal bli godt kjend med Aksello dei neste 12 månadene. Han har ein Mastergrad i Medier, kommunikasjon og informasjonsteknologi frå NTNU i Trondheim. Han skal jobbe med ekstern kommunikasjon, FloraU40 og anna interessant stoff.

Ingunn
240619 Trond

Fv.: Ingunn Marie Eide, Trond Økland.

Vår inkubatorleiar Ingunn Eide ventar baby i haust, så frå september startar Trond Økland med overlapping for å vikariere for Ingunn eit års tid. Trond er som kjend normalt ein av dei eksterne rådgjevarane knytt til Aksello.

Jakta på ny dagleg leiar i Aksello er ferdig for lenge sidan. Ho (ja, det vert ei ho igjen) vil bli presentert om få dagar, og tek til i jobben 1. september.

Vi gler oss😊

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet