Skip to content Skip to sidebar Skip to footer
The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.

Florø Husflid har blitt ny

FLORØ HUSFLID: F.v. butikkeigar Reidun Merethe Norstrand og medarbeidar og gullsmed Ronja Kristin Myklemyr.

I 2016 fekk vi inn 19 søknadar om midlar frå Kommunalt Næringsfond. 10 av desse søknadane fekk løyva midlar til prosjekta sine, og ein av dei heldige var Florø Husflid AS.

- Eg var overlykkeleg då eg fekk innvilga støtte frå Kommunalt Næringsfond. Det gav meg ein følelse av at nokon har trua på det eg gjer, og det gir meg optimisme og pågangsmot, smiler butikkeigar og dagleg leiar, Reidun Merethe Norstrand.  

Norstrand tok over Florø Husflid AS etter Lillian Sundal i 2016. Verksemda har ein lang tradisjon som hobby- og handverksbutikk i Florø, og som ny eigar ville Norstrand ta butikken med inn i ei ny epoke med ein «make-over».

- Når eg tok over var målet å skape ein butikk for alle. Det skulle vere mogleg for rullestolbrukarar å komme inn og handle, like godt som for dei med barnevogn. Butikken trengte ei oppussing, og dei tilsette eit kontor og eit pauserom. Vi trengte også utstyr til å kunne utføre arbeidsoppgåver som gav oss fleire bein å stå på, fortel Norstrand.

Støtte til vidareutvikling  

For å få gjennomført oppussingsprosjektet søkte Norstrand om støtte gjennom Kommunalt Næringsfond. Fondet har som mål å vere med på å styrkje og vidareutvikle næringslivet i Flora kommune. Det skal vere med på å utvikle og oppretthalde arbeidsplassar i kommunen, og støtte prosjekt/tiltak som bidreg til at regionen og lokalsamfunnet blir meir attraktivt å bu i og flytte til. Samstundes skal det ha ein utløysande effekt – bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje blir realisert.

Som nystarta har ein ofte avgrensa med midla og eit slikt fond gir bedrifter moglegheit til å kunne vidareutvikle seg. Det har det i alle fall gjort i vårt tilfelle. Vi har fått ein betre arbeidsplass for dei tilsette, og ein betre butikk for kundane våre, understrekar Norstrand.

I alt søkte Florø Husflid om 200.000 til oppussinga, og fekk innvilga 50.000 av dei. Bidraget var med på å sette i gang “bli ny”-prosessen, og har mellom anna blitt brukt på ny innreiing, maling, teknisk utstyr, arbeidsbord og stoler til kursrom, kvitevarar til kjøkkenkroken og kontormøbler. Med gode oppbevaringsløysingar har butikken blitt meir oversiktleg, fått ei større golvflate, og ein koseleg krok med sofa og teiknebord.

Tøft, men spennande

- Det er ein tøff marknad å drive i når ein står som ein sjølvstendig butikk utan ein kjede i ryggen. Difor var det viktig for oss å utvide tilbodet vårt, og det har vi fått til no når vi har fått realisert dette prosjektet, seier ho.

I tillegg til at butikken har eit breitt utval for dei som likar å male, bake, hekle, sy, strikke eller drive med scrapbooking, tilbyr Florø Husflid også kreative kurs og lokale til dei som ynskjer å lære nye ferdigheiter innan kunst og handverk.

Målet er jo å drive butikk i mange år til. Det er spennande, kjekt og utfordrande. Vi har så mange kjekke kundar som kjem innom kvar dag, og alle har ulike hobbyar og interesser, så ingen dagar er like og vi lærer nye ting heile tida, avsluttar Norstrand.

Sjå bilde frå «make-overen» her: 

[av_gallery ids='1857,1858,1859,1860' style='thumbnails' preview_size='portfolio' crop_big_preview_thumbnail='avia-gallery-big-crop-thumb' thumb_size='portfolio' columns='2' imagelink='lightbox' lazyload='deactivate_avia_lazyload' av_uid='av-1u485g']

Ynskjer du å søkje om Kommunalt Næringsfond?

Du søkjer dette fondet via www.regionalforvaltning.no. Ta kontakt med rådgjevaren vår Heidi Felle på heidi@aksello.no om du har spørsmål og ynskjer meir info.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet