Skip to content Skip to footer

North Atlantic Seafood Forum 2025

North Atlantic Seafood Forum (NASF) vart halden i Bergen den første veka i mars 2025, og samla leiande folk frå sjømatnæringa over heile verda. Sidan 2005 har NASF vore den største konferansen for sjømatnæringa og ein viktig møtestad for folk i bransjen.

Aksello var til stades på konferansen, som hadde eit interessant 3-dagers program med innsikt om marknader, berekraft, innovasjon og utfordringar for sjømatnæringa. Konferansen er ein god internasjonal nettverksarena. Deltakarane fekk innsikt i økonomi, teknologi, kva som skjer i marknaden og eventuelle investeringsmoglegheiter. Det var utruleg kjekt å sjå at Bue Salmon, ei bedrift som har vore i Aksello-inkubatoren tidlegare, presenterte sine innovative løysingar på scena.

NCE Seafood Innovation award blei del ut på konfreansen. Kåringa set innovasjon og bærekraft I sjømatnæringa i fokus og er ein utmerka stad for nyvinnande startups å skine. Dei sju finalistane var Norwegian Mycelium AS, Harbor AS, GreenFish, Waive AS, BiOceanOr, Bifrost Tug AS, og Hailia Nordic. Selskapa kjem frå Finland, Island, Norge og Frankrike og representera innovative løysingar innan teknologi og berekraftige produksjons metodar. Vinnaren blei islandske Pétur Már Bernhöft og Sveinn Sigurdur Jóhannesson fra GreenFish. Vi gratulerer og ønskjer lykke til vidare!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet