Skip to content Skip to footer

Pressemelding: Linn skal styre Aksello-skuta

Etter at Lone Bareksten slutta som dagleg leiar, har styret i Aksello vore gjennom ein prosess for å finne hennar erstattar. I dag kan styreleiar Mikael Johansen fortelje:

Det blir Linn Theres Nekkøy frå Florø som overtek som dagleg leiar, og ho startar
den 1. september.

Han held fram:

Linn er rett person til å føre Aksello-skuta vidare. Ho var jo tilsett i Aksello i 2019-20, så vi kjenner henne godt, og ho kjenner Aksello og det økosystemet vi er ein del av. Linn Theres Reksten Nekkøy kjem frå Nekkøy utanfor Florø.

Ho har to Bachelor-gradar i høvesvis pedagogikk og administrasjon og organisasjonsvitskap, og er no i ferd med å sluttføre ein Executive MBA i Seafood Management ved NHH. 35-åringen har mykje variert arbeidserfaring frå inn- og utland, seinast fire år som sals- og utviklingssjef hos fiskeeksportøren Norwell AS.

Eg brenner for utvikling og nytenking, så eg ser fram til å jobbe tett på menneske og næringsliv som vil noko, søker nye løysingar og idéar. Moglegheitene i dagens klima er uendelege. Eg gleder meg veldig til å bli kjent med teamet og ta fatt på nye oppgåver framover, seier den nyutnemnde daglege leiar.

Eg føler meg veldig privilegert som får moglegheit å ta fatt på denne oppgåva etter Lone, som har gitt meg store sko å fylle.

Ho vil vente med å gje ei konkret «programerklæring», men vil uansett legge vekt på samarbeid, både mellom bedriftene i regionen og med nasjonale og internasjonale aktørar.

Aksello sin inkubator er noko eg er imponert over. Den har allereie hjelpt fram gode selskap som Evoy og Bue Salmon innan det maritime og marine og Retrams innan helseteknologi. Eg ynskjer å være med å styrke slikt arbeid framover, avsluttar ho.

Arne Olsen har vore konstituert dagleg leiar dei siste månadene. Han seier:

– Dette er strålande nyheter. Linn er ein likandes person med kraft i klypene og smil om munnen, kompetent og med brei erfaring. Saman med resten av dei tilsette, tilknytte rådgjevarar og gode partnarar vil ho sørge for å dekke dei behova næringslivet har.

Aksello er eit næringsutviklingsselskap som støtter gründerar og etablerte bedrifter. Selskapet har ein av dei 30-tals inkubatorane i det nasjonale Siva-systemet, gjennomfører ei mengd prosjekt der spesielt koplinga mellom bedrifter, styresmakter og akademia står sentralt, og driv kommunal førsteline-teneste.

Aksello hentar midlar og finansiering til støtte for bedrifter og prosjekt, og arrangerer ulike møteplassar for rekruttering, kompetanseheving og anna.

Selskapet har i dag ti eigarar: Westcon Yard Florø, Fjord Base Holding, Equinor, Flora Industri- og næringsforening, Sparebanken Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane, Norwell, Sogn og Fjordane Energi, Kinn kommune og statlege Siva.

For ytterlegare informasjon, ta kontakt med Arne Olsen, konst. dagleg leiar i Aksello, på telefon 97573599 eller e-post: arne@aksello.no, eller Linn Theres Nekkøy, påtroppande dagleg leiar, på telefon 40402010 eller e-post: linn@aksello.no.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet